Åke Seyffarth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Åke Seyffarth

Statsborgarskap Sverige
Fødd 15. desember 1919
Stockholm
Død

1. januar 1998 (78 år)
Mora

Yrke skøyteløpar, sykkelryttar
Åke Seyffarth på Commons

Karl Åke Seyffarth (15. desember 19191. januar 1998) var ein svensk skeiseløpar, fødd i Stockholm og død i Mora. Han vart europameister i 1947 og vann gullmedaljen på 10 000 meter under Vinter-OL 1948.

Seyffarth vart suveren vinnar, framom landsmannen Göthe Hedlund og norske Sverre Farstad, då europameisterskapen 1947 vart avvikla i hans fødeby Stockholm. Nokre veker seinare kom han på bronseplassen ved skeise-VM på Bislett stadion i Oslo.

Under dei olympiske vinterleikane 1948 i St. Moritz overraska Seyffarth med å vinne sølvmedaljen på 1500 meter, eit halvt sekund bak den norske gullvinnaren Sverre Farstad. Derimot var det alt anna enn overraskande at Seyffarth tok ein suveren siger på 10 000-meteren, nesten ti sekund føre sølvmedaljøren.

Han la opp i 1950.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]