Åkerdylle
| Åkerdylle | |
Åkerdylle | |
| Systematikk | |
| Rike: | Planteriket Plantae |
| Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
| Orden: | Korgplanteordenen Asterales |
| Familie: | Korgplantefamilien Asteraceae |
| Underfamilie: | Cichorioideae |
| Stamme: | Cichorieae |
| Slekt: | Dylle Sonchus |
| Art: | Åkerdylle S. arvensis |
| Vitskapleg namn | |
| Sonchus arvensis | |
Åkerdylle er ei fleirårig urt i korgplantefamilien. Arten har kosmopolitisk utbreiing. Han veks gjerne på strender og avfallsplassar, og i åkrar, der planta er eit ugras.

Skildring
[endre | endre wikiteksten]Planta blir 50–130 cm høg og har lange, krypande jordstenglar. Stengelen er opprett og forgreina øvst. Blada er blankt grøne, parflika med tanna bladrand og stengelomsluttande med avrunda flikar. Dei øvste blada har få eller ingen flikar. Blomsterkorgene er gyllengule og 4–5 cm i diameter. Korgskaft og korgdekke har gule kjertelhår. Frukta er til slutt brun og 3-3,5 mm lang. Åkerdylle blomstrar kring juli–september.
Utbreiing og vekstområde
[endre | endre wikiteksten]Åkerdylle stammar frå Eurasia, der han er utbreidd over det meste av kontinentet.[1] Han finst også forvilla i mange andre område, og er rekna som ein invasiv art nokre stader, som Nord-Amerika,[2] New Zealand og Australia.[3][4][5]
Åkerdylle veks på beitemark, i vegkantar og kjerr, ved breidda av vatn og elvar[6] og ved kysten.[7]
Varietetar
[endre | endre wikiteksten]Arten kan delast inn i to eller tre varietetar:
- kjerteldylle (var. arvensis) – har kjertelhår på korgskaft og korgdekke, den vanlegaste varieteten
- snaudylle (var. uliginosus) – har ikkje kjertelhår
- stranddylle (var. maritimus) – berre på havstrand, 15–35 cm høg, kan ha kjertelhår eller vera glatt, ikkje så breitt anerkjent
Økologi og bruk
[endre | endre wikiteksten]Blomane blir vitja av ulike insekt, særleg svevefluger i slekta Eristalis.[8]
Unge blad på nokre få centimeter som ikkje har bitter smak kan brukast i salat. Dei kan også kokast i små mengder vatn som blir bytta ein gong. Plantrn kan innehalda giftige nitrat.[9]
Ugras
[endre | endre wikiteksten]Åkerdylle er eit av dei verste ugrasa i åkrar med korn, poteter og grønsaker. I eng blir han derimot raskt utkonkurrert av gras. Haustpløying har liten verknad, og i økologisk landbruk kan han best nedkjempast med harving om våren. I kornåker nyttar tradisjonelt landbruk fenoksysyrer (MCPA, 2,4-D eller mekoprop-P) i nedkjempinga, i potetåkrar kan ein nytta rimsulfuron.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Blad
- Stengelomsluttande blad
- Blomsterkorg
- Fnokk
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Altervista Flora Italiana, Sonchus arvensis L.
- ↑ «'Giant dandelion' taking up space in P.E.I.». The Guardian (Charlottetown). Henta 17. november 2020.
- ↑ «List of invasive species in the Great Lakes Great Lakes United / Union Saint-Laurent Grands Lacs». Arkivert frå originalen 29. april 2009. Henta 7. februar 2009.
- ↑ Davidse, G., M. Sousa-Peña, S. Knapp & F. Chiang Cabrera. 2015. Asteraceae. 5(2): ined. In G. Davidse, M. Sousa Sánchez, S. Knapp & F. Chiang Cabrera (eds.) Flora Mesoamericana. Universidad Nacional Autónoma de México, México, D.F.
- ↑ Atlas of Living Australia
- ↑ Corn sowthistle (Sonchus arvensis) by NSW WeedWise
- ↑ «Sonchus arvensis». Online Atlas of the British Flora. Biological Records Centre and Botanical society of Britain and Ireland. Henta 17. november 2020.
- ↑ Van Der Kooi, C. J.; Pen, I.; Staal, M.; Stavenga, D. G.; Elzenga, J. T. M. (2015). «Competition for pollinators and intra-communal spectral dissimilarity of flowers». Plant Biology. 18 (1): 56–62. doi:10.1111/plb.12328. hdl:11370/caee8d0d-9724-4056-9d45-93162a5a7afc. PMID 25754608.
- ↑ Elias, Thomas S.; Dykeman, Peter A. (2009) [1982]. Edible Wild Plants: A North American Field Guide to Over 200 Natural Foods. New York: Sterling. s. 103. ISBN 978-1-4027-6715-9. OCLC 244766414.
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
- Denne artikkelen bygger på «Agersvinemælk» frå Wikipedia på dansk, og «Åkermolke» frå Wikipedia på svensk den 14. november 2010.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Åkerdylle» frå Wikipedia på bokmål, den 22. september 2026.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- B. Mossberg og L. Stenberg (2016). Gyldendals store nordiske flora. Gyldendal. s. 654. ISBN 978-82-05-42485-2.
- «Åkermolke». Den virtuella floran. Arkivert frå originalen 5. juli 2022. Henta 12. september 2020.
- Åkerdylle i Artsdatabanken. Besøkt 12. september 2020.
- K. Bysveen (2015). «Mekanisk bekjempelse av rotugras» (PDF). Økologisk landbruk (2): 23–25.[daud lenkje]
- «Problem Weed Control in Field Crops: Sow-Thistle, Perennial (Sonchus arvensis L.)». Ontario Ministry of Agriculture, Food and Rural Affairs. Henta 29. oktober 2020.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Sonchus arvensis» frå Wikipedia på engelsk, den 24. september 2026.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Åkerdylle hos Artsdatabanken
- (en) Åkerdylle – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Åkerdylle i Catalogue of Life
- (en) Åkerdylle i Encyclopedia of Life
- (en) Åkerdylle i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Åkerdylle hos Dyntaxa
- (en) Åkerdylle hos ITIS
- (en) Åkerdylle hos NCBI
- (en) Åkerdylle hos Plants of the World Online
- (en) Åkerdylle hos The International Plant Names Index
- (en) Åkerdylle hos Tropicos