Ål skisenter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ål skisenter er eit skisenter som ligg i Votndalen i Ål kommune i Hallingdal, om lag 7 km frå Ål sentrum. Anlegget har 5 heisar og 6 nedfartar med ulik vanskegrad (2 grøne, 1 blå, 1 raud og 2 svarte). Skiområdet ved skisenteret strekker seg frå 570 til 1040 moh., og det er til saman 16 km med preparerte nedfartar.[1] I tillegg har anlegget barneområde med gratis heis, område for freeride og jibbing, kafeteria, utleige av ski og skiskule.[2]

Ål skisenter opna for fyrste gong i 1973.[treng kjelde]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Informasjon om Ål Skisenter». skiinfo.no. Henta 22. januar 2014. 
  2. «Ål Skisenter, Ål i Hallingdal». al.no. Henta 22. januar 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]