Ålandstidningen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ålandstidningen
Grunnlagd18. mars 1891
Språksvensk
ISSN0355-9149
Nettstadwww.alandstidningen.ax

Ålandstidningen (Åland) er ei dagsavis for Åland som kjem ut i Mariehamn. Avisa vart grunnlagd i 1891 og var talerøyr for kampen for attforeining med Sverige. Avisa var lenge Åland si einaste dagsavis og hadde derfor ein sterk innverknad på opiniondanninga.

Ålandstidningen har no fått konkurranse frå avisa Nya Åland, men Ålandstidningen er framleis den største avisa i landskapet med eit opplag på omtrent 9 800 eksemplar.[1] Avisa kjem ut seks dagar i veka. Nyheitene blir òg publiserte på nettstaden til avisa. Avisa er eigd av Ålands Tidnings-Tryckeri Ab.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tidningarnas Förbund, Upplagor 2008, arkivert frå originalen 2009-10-11, henta 6. november 2022 
  2. Ålands Tidnings-Tryckeri AB, arkivert frå originalen 2010-04-06, henta 6. november 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]