Ålvundeid
Utsjånad
| Ålvundeid | |||
| stad | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Møre og Romsdal | ||
| Kommune | Sunndal | ||
| Postnummer | 6620 ÅLVUNDEID | ||
| Ferdselsårer | |||
![]() Ålvundeid kommune 62°49′33″N 8°31′19″E / 62.825833333333°N 8.5219444444444°E | |||
| Wikimedia Commons: Ålvundeid | |||
Ålvundeid eller Ålvundeidet er ei bygd i Sunndal kommune i Møre og Romsdal. Ålvundeid var ein sjølvstendig kommune frå 1899 til 1960.
Ålvundeid kommune 1899-1960
[endre | endre wikiteksten]Ålvundeid var frå 1837 ein del av Øksendal formannskapsdistrikt.
1. januar 1899 vart Ålvundeid skild ut som eigen kommune med eit folketal på 462.[1]
1. januar 1960 vart Ålvundeid slått saman med Sunndal og Øksendal til dagens Sunndal kommune. Ålvundeid hadde ved samanslåinga 497 innbyggjarar.
Folketalsutvikling
[endre | endre wikiteksten]Ålvundeid var den nest minste kommunen i Møre og Romsdal etter folketal i første halvdel av 1900-talet og heilt fram til 1952, då kommunen passerte Eid kommune i folketal.
Folketalsutvikling for tidlegare Ålvundeid kommune frå 1899 til 1960:
| 1.1.1899[1] | 1.12.1920[2] | 1.12.1930[3] | 3.12.1946[3] | 1.62 | 385 | 387 | 448 | 455 | 513 |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Kjende personar frå Ålvundeid
[endre | endre wikiteksten]- Mali Regine Hegerberg Børset (2001 -) Sentralstyremedlem i Natur og Ungdom
- Gunnar Børset (1972 - ) Gardbrukar, fagforeningsmann og skodespelar
