Sunndal kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sunndal kommune
Kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Sunndalsøra
Areal 1 713 km²
 - land 1 653 km²
 - vatn 60 km²
Folketal 7 160 (1. januar 2016)
Folketettleik 4 / km²
Målform Nøytral
Ordførar Ståle Refstie (Ap)
Kommunenummer 1563
NO 1563 Sunndal.svg
Wikimedia Commons: Sunndal

Sunndal er ein kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal. Kommunesenter er Sunndalsøra. Kommunen inneheld dei gamle herada Sunndal, Øksendal og Ålvundeid så vel som Ålvundfjord krins av tidlegare Stangvik herad.

Sunndal har ca 7500 innbyggjarar, av dei bur rundt 4500 i tettstaden Sunndalsøra.

I arbeids- og næringslivet i Sunndal er det aluminiumsverket som dominerer, med ca 900 arbeidsplassar. Verket er nyleg (2004) modernisert, samtidig som det feirar 50-års-jubileum. Det er Norsk Hydro som har eigd aluminiumsverket sidan 1980-talet.

Sjølv om tettstaden er bygd opp omkring aluminiumsverket, er Sunndal og ein stor jordbrukskommune og har ein godt utbygd offentleg sektor.

Sunndalsøra er truleg den staden i Noreg som har størst del av bustadene sine i bustadsamvirket.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for noverande Sunndal kommune frå 1854:

1854[1] 1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4][5][6] 1.1.1961[4] 1.1.1971[4] 1.1.1981[4] 1.1.1991[4] 1.1.2001[4] 1.1.2010[4]
3479a 2791a 2684a 3071a 3501a 6914a 8269 7771 7521 7426 7289
a Talet omfattar ikkje krinsen Ålvundfjord, som var del av gamle Stangvik kommune fram til 1965, då han vart overført til Sunndal kommune. Dette området hadde då 508 innbyggjarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 Folkemengd i Sunndal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  5. Folkemengd i Øksendal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  6. Folkemengd i Ålvundeid 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]