Hopp til innhald

Åmøyfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Åmøyfjorden
fjord
Utsikt mot Åmøyfjorden frå Hundvåg.
Foto: Lars Christopher Nøttaasen
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Kommune Stavanger
Kart
Åmøyfjorden
59°01′27″N 5°43′52″E / 59.02416611°N 5.73111105°E / 59.02416611; 5.73111105

Åmøyfjorden er ein liten fjord i Stavanger kommune. Fjorden ligg mellom Åmøy i Rennesøy i nord og Hundvåg i Stavanger i sør. I vest grensar fjorden til Byfjorden, som går vidare sørover på vestsida av Hundvåg til sentrum av Stavanger og nordover til Kvitsøyfjorden. I aust held fjorden fram som Horgefjorden. Ei rekkje holmar og småøyar skil Åmøyfjorden frå Horgefjorden, som Vågholmen, Storholmen, Kuppholmen, Spolen, Klovningen, Odda, Sandøya, Eigerøya, Dei gule skjera og Sauholmen.

Fjorden er om lag 4 km lang og om lag 3 km brei.