Byfjorden i Stavanger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Holmane Plentingen og Natvigs Minne inst i Byfjorden.
Foto: Michael Spiller

Byfjorden er ein fjord på austsida av Randaberg og søraustover til sentrum av Stavanger. Han har innløp frå Kvitsøyfjorden mellom Tungeneset i Randaberg og Bruholmen vest for Bru i Rennesøy kommune. Frå innløpet og sør til Vågen i sentrum av Stavanger er fjorden om lag 10,5 km lang.

Frå Randaberg går den nesten 6 km lange Byfjordtunnelen under fjorden og vidare til Rennesøy som ein del av Rennfastsambandet langs E39. Sør for Bru ligg øya Hundvåg. Mellom Hundvåg og Bru går Åmøyfjorden austover til Horgefjorden.

Fleire bukter og viker ligg langs vestsida av fjorden. Tungvika ligg like sør for Tungeneset, Randabergbukta ligg like ved Randaberg, Ladbergvika er ei anna vik i Randaberg, Harastadvika ligg lenger sør. Dusavika er eit industri- og baseområde for petroleumsverksemda i Stavanger. Sør for Dusavika ligg Tasta, ein bydel i Stavanger. På Buøy, ei halvøy på Hundvåg, ligg Rosenberg Verft.