Åmela kraftverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 62°1′7.03″N 5°50′49.81″E

Åmela kraftverk

Kart
Åmela kraftverk
62°1′7″ N 5°50′50″ E

Åmela kraftverk er eit vasskraftverk ved Åmelfoten i Dalsfjorden i Volda kommune i Møre og Romsdal.

Kraftverket utnyttar eit fall på 536 meter mellom Storlivatnet og sjøen. Kvanndalsvatnet vert også brukt som reguleringsmagasin, og det vert samla inn vatn frå fleire bekkeinntak.

Storlivatnet vert regulert mellom 543 og 530 moh og Kvanndalsvatnet mellom 529 og 515 moh

Midlare årsproduksjon er på 112 GWh og installert effekt er på 33 MW. Kraftverket vart sett i drift i 1977.[1]

Eigar er Tussa Energi AS

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Åmela kraftverk». tussa.no. Arkivert frå originalen 14. desember 2019.