Året gjennom Børfjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Året gjennom Børfjord
RegiMorten Skallerud
Produsent(ar)Morten Skallerud Sjå dette på Wikidata
ManusMorten Skallerud
MusikkJan Garbarek
KlippMorten Skallerud
SjeffotografMorten Skallerud
Utgjevingsdato1991
OpphavslandNoreg Sjå dette på Wikidata
SpråkNorsk

Året gjennom Børfjord er ein norsk kortfilm frå 1991 regissert av Morten Skallerud. Filminga vart gjort på 70 mm film, over fleire år og årstider. Filmen syner eit helt år i Børfjord i løpet av 12 minutt. Børfjord er eit fråflytta fiskevær i Finnmark. Filmen syner at om vinteren er det mest folketomt, medan sommarstider kjem sommargjestane til bygda. Filmkameraet vart flytta litt dag for dag, og slik vert ein teke kring heile fjorden tilsynelatande saumlaust gjennom det året som passerer. Ved hjelp av ein spesielt utvikla teknikk «køyrer» ein den 2,5 km lange vegen gjennom bygda i eitt samanhengjande bilete medan året går unna i 50 000-dobbel normal fart.

Filmmusikken er musikkstykket Twelve Moons, komponert til filmen av Jan Garbarek. Filmen er tradisjonelt opningsfilm på den årlege 70 mm-festivalenCinemateket i Oslo.

Filmen vann Amandaprisen for beste kortfilm i 1991, og Grand Prix på Tammerfors kortfilmfestival i 1992.

Kortfilmen er tilgjengelig på nett via straumetenesten Filmbib.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]