Årstid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ei årstid er ei av dei store inndelingane av året, generelt basert på årlege endringar i vêret. I område med temperert og arktisk klima har ein generelt fire årstider: vår, sommar, haust og vinter

I enkelte tropiske og subtropiske område har ein gjerne berre to årstider, regntid (eller monsuntid) og tørketid, der nedbørsmengdene ofte varierer mykje meir enn middeltemperaturen gjennom året.

I andre tropiske område har ein tre inndelingar av året, ei varm årstid, ei regntid og ei kald årstid. I enkelte delar av verda har ein spesielle «årstider» eller sesongar basert på spesielle hendingar som tropiske syklon-, tornado-, skogbrann-, eller sportssesongar.

Fig. 1
På grunn av jordrotasjonen rundt sola, og jordaksen sin faste stilling i forhold til planetbanen, får vi variasjonane i årstidene. Perihel er når jorda er nærast sola, medan aphel er når jorda er lengst borte frå sola.

Årsak og klimaeffekt[endre | endre wikiteksten]

Fig. 2
Dette skjemaet viser årstider. Merk at same når på døgnet (t.d. rotasjonsaksen til jorda), så vil Nordpolen vere mørk, medan Sørpolen vil ha midtnattssol. I tillegg vil lyset tape seg meir når det må lyse gjennom atmosfæren med ein lågare vinkel.

Årstidene oppstår fordi jorda sin rotasjonsakse heller i forhold til banen jorda følgjer rundt sola. Rotasjonsaksen heller med om lag 23,5 grader. Derfor vil ein del av planeten få meir direkte solstråling ei viss tid på året enn andre stader (sjå Fig. 2). Staden med mest solstråling vil derimot variere når jorda krinsar rundt sola. Den nordlege og den sørlege halvkula har alltid motsette årstider, når som helst på året (sjå Fig. 3 og Solvinkelen sin effekt på klima).

Korleis vêret endrar seg gjennom årstidene er òg avhengig av faktorar som kor nærme eit område er havet eller store innsjøar, havstraumar i desse hava, El Niño/ENSO og andre havsyklusar og framherskande vindsystem.

I tempererte og artiske område er skilnadane mellom årstidene mengda sollys områda får, som igjen påverkar vinterdvalen til planter og dyr. Desse effektane varierer med breiddegraden, og kor nær store vassmassar eit område er. Til dømes er Sørpolen midt på kontinentet Antarktis, og er derfor langt borte frå dei sørlege hava. Nordpolen ligg i Nordishavet, og temperaturvariasjonane vert derfor dempa på grunn av nærleiken til havet. Derfor er Sørpolen mykje kaldare når det er vinter her, enn når det er vinter på Nordpolen, og når det er vår på den sørlege halvkula er det haust på den nordlege.

Fig. 3
Når jorda krinsar rundt sola, vil årstidene på den nordlege og den sørlege halvkula alltid ha motsett fase. Vinter i nord gjev sommar i sør.

I tropane endrar derimot ikkje sollyset seg stort gjennom året, men fleire tropiske område er påverka av forskjellige vindregime, som til dømes monsunen i Søraust-Asia.

I meteorologi kjem ikkje vintersolkverv og sommarsolkverv (eller datoane med størst/minst solinnstråling) midt på vinteren eller midt på sommaren. Midten av desse årstidene kan vere opp til ein månad seinare. Årstidene vert derimot ikkje alltid definert som i meteorologien. Sjå under.

Samanlikna med hellinga til jordaksen medverkar andre faktorar lite til temperaturvariasjonane gjennom året. Det er ei vanleg mistyding at årstidene kjem av jorda sin varierande avstand til sola som følgje av den elliptiske banen jorda følgjer rundt sola. [1] Eksentrisiteten til jordbanen kan påverke temperaturane på jorda, men effekten er liten, og vert motverka av andre faktorar. Forsking har vist at jorda faktisk er eit par grader varmare når den er lengst borte frå sola. [2] Planeten Mars har derimot store temperaturvariasjonar og kraftige sandstormar kvart år ved perihel.[3]

Polarnatt og midnattssol[endre | endre wikiteksten]

Sola som lyser opp jorda i forskjellige årstider

Enkelte trur at innanfor polarsirklane så står sola opp om våren og går ned att om hausten, slik at ein har ein dag som varer eit halvt år, etterfølgd av ei natt som varer like lenge. Dette skjer derimot berre like nær sjølve polane. Områda innanfor polarsirkelen vil likevel ha ein periode på sommaren der sola aldri går ned, kalla midtnattssol, og denne perioden er lenger jo nærmare polane ein kjem. Det motsette gjeld om vinteren, der ein vil ha ein periode der sola aldri står opp, kalla mørketid eller polarnatt. I Noreg går polarsirkelen over Saltfjellet i Nordland. Ved Hammerfest (70°39′) er det midnattssol frå ca. 14. mai til ca. 29. juli, og mørketid frå ca. 22. november til ca. 19. januar.

Astronomiske, meteorologiske og historiske årstider[endre | endre wikiteksten]

Personifisering av dei fire årstidene er ofte eit tema i romersk mosaikk, som denne frå Complutum.

Datoane for når dei forskjellige årstidene byrjar er avhengig av korleis dei er definert. Enkelte stader definerer ein årstidene ut i frå astronomisk solkverv og jamdøger. Desse vert av og til kalla astronomisk årstid. Ut i frå denne definisjonen byrjar sommaren ved sommarsolkverv, vinteren ved vintersolkverv, våren ved vårjamdøger og hausten ved haustjamdøger.

Andre stader brukar ein kalendermånadane for når årstidene byrjar, der våren på den nordlege halvkula er mars, april og mai, sommaren juni, juli og august osv. Denne inndelinga vert kalla meteorologisk årstid.

Den historiske inndelinga av årstidene er derimot forskjellig frå den meteorologiske inndelinga, og er om lag fire veker tidlegare.

  • våren byrja då 2. februar (med Kyndelmesse)
  • sommaren 1. mai
  • hausten 1. august
  • vinteren 1. november

Midtsommar og midtvinter var då naturlegvis midten på sommaren og midten på vinteren.

I den romerske kalenderen byrja kvart år med våren, som var 1. mars. Kvar årstid inneheldt tre månadar. Skotårsdagen (29. februar) var då den siste dagen i året. Den åttande, niande og tiande månaden (Octo, Novo, Dece) fekk namn etter dei romerske tala for åtte, ni og ti.

Årstider
Den nordlege halvkula Månad Den sørlege halvkula
Historisk Meteorologisk Astronomisk Meteorologisk Astronomisk
Vinter Vinter Vinter Januar Sommar Sommar
Vår Februar
Vår Mars Haust
Vår April Haust
Sommar Mai
Sommar Juni Vinter
Sommar Juli Vinter
Haust August
Haust September Vår
Haust Oktober Vår
Vinter November
Vinter Desember Sommar


Vår Sommar Haust Vinter Regntid Tørketid
Nikolai Astrup-Vårkveld ved Jølstervannet.jpg Moonfeld toscana.jpg BudakesziHoldvilágvölgyErdeiÚt.JPG Windbuchencom.jpg Bombay flooded street.jpg Topi masai mara.jpg
Årstidene

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. PhysicalGeography.net, Fundamentals of physical geography, Ch.6:Energy and Matter:(h) Earth-Sun Geometry, [1]
  2. Phillips, Tony, http://science.nasa.gov/headlines/y2002/02jul_aphelion.htm Science@NASA
  3. Christian Ho, Nasser Golshan, and Arvydas Kliore, Radio Wave Propagation Handbook for Communication on and Around Mars, JPL Publication 02-5, pp. 59-60