Årskog i Vartdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Årskog i Vartdal er ein matrikkelgard, gardsnummer 97, i Ørsta kommune. Han ligg i bygda Nordre Vartdal, 1400-1800 meter frå Vartdalsfjorden. Tuna og største delen av bømarka ligg på sørsida av Storelva. Garden har og noko bømark på hi sida av Storelva, avgjort etter ein rettargang i 1715. På alle kantar grensar Årskog mot matrikkelgarden Nøre-Vartdal.

Årskog hadde to brukarar i 1603. Utover 1600-talet kom to nye bruk til. Perioden 1645-1750 vart garden driven av tre bruk, før det så i vel 50 år var fire bruk på garden. 1804-80 atter tre bruk. I historisk tid vart garden rekna som mindre eigna til jordbruk, men han hadde vide utslåttar. Seter hadde garden på Årskogsætra, knappe tre kilometer frå tuna. Ho var i drift til 1943.

16. juli 1873 var klyngjetunet, som låg på ein jordrygg, truga under ein storflaum der Storelva tok seg nytt far på motsett side (sør for) av tunet. Flaumen gjorde stor skade på åkrane. To av dei tre bruka tok seg nye tufter nær fjellfoten etter garden vart utskift i 1878. Begge litt lenger nede i dalføret.

Ein ny storflaum 22. august 1980 gjorde stor skade på bøane. Storelva vart i 1981-82 førebygd, med tanke på å hindre fleire skadeflaumar.

Folketal:[endre | endre wikiteksten]

  • 1801: 28 personar – (4 heimar)
  • 1865: 18 personar – (3 heimar)
  • 1900: 28 personar – (4 heimar)

I 2010 er det seks heimar på Årskog.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Buset, Johannes: Vartdalssoga. Første bandet. 1964
  • Grøvik, Ivar: Vartdalssoga. II. 1983
  • Folketeljingar for 1801, 1865 og 1900