Hopp til innhald

Mørketid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karakteristisk blått tussmørke under mørketida i LongyearbyenSvalbard.
Tidleg ettermiddag i Tromsø i mørketida.
Mørketid 5. januar 2007 i Vorkuta i Russland
Illustrasjon frå Historia de gentibus septentrionalibus av Olaus Magnus («Historia om dei nordiske folka») frå 1555 som viser korleis «det ytste nord berre består av éin lang dag og éi lang natt».

Mørketid er den tida på året då solsenteret ikkje kjem over horisonten på ein stad ved middag.[1] Fenomenet opptrer om vinteren og berre nord for den nordlege polarsirkelen og sør for den sørlege polarsirkelen. I ein periode er sola under horisonten, sjølv når ho er på det høgste. Denne perioden er kortast nær polarsirklane og varer lengre desto nærare polområda ein kjem. Ved polområda varer mørketida lengst, i om lag seks månader. Dei områda som har mørketid om vinteren vil ha midnattsol i eit tilsvarande langt tidsrom om sommaren.

På grunn av skumringseffekten gjer ikkje mørketida at det er mørkt 24 timar i døgnet, på same måte som det elles blir lyst før soloppgang. Dei døgna i mørketida då sola ikkje kjem høgre enn 6° under horisonten og ein derfor ikkje har tussmørke, blir kalla for polarnetter.[2]

Norske datoar for mørketida

[endre | endre wikiteksten]

Datoar for mørketida i ulike stader i Noreg.[3] Datoene i tabellen viser når sola ikkje kjem over horisonten. I praksis varer mørketida lenger dei fleste stadene, fordi fjell i sør sperrar for sola når ho står lågt på himmelen. Dette kan også vere tilfelle sør for polarsirkelen på stader der det er høge fjell i sør. Rjukan i Telemark har til dømes mørketid flere veker i året på grunn av fjella i den tronge Vestfjorddalen.

StadFråTil
Svolvær7. desember5. januar
Harstad2. desember10. januar
Bardufoss30. november12. januar
Andenes29. november13. januar
Tromsø27. november15. januar
Alta25. november17. januar
Vardø23. november19. januar
Hammerfest22. november20. januar
Berlevåg21. november21. januar
Jan Mayen20. november21. januar
Nordkapp20. november22. januar
Bjørnøya7. november4. februar
Hopen31. oktober10. februar
Sveagruva27. oktober15. februar
Barentsburg26. oktober15. februar
Longyearbyen26. oktober16. februar
Pyramiden25. oktober17. februar
Ny-Ålesund24. oktober18. februar
Magdalenafjorden22. oktober19. februar
Rossøya19. oktober23. februar
Nordpolen25. september18. mars

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «mørketid». Store Norske Leksikon. Henta 18. oktober 2013.
  2. «polarnatt». Store Norske Leksikon. Henta 18. oktober 2013.
  3. Hva er egentlig mørketid?, arkivert frå originalen 20. oktober 2013, henta 19. oktober 2013

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]