Æresgravlunden i Arlington

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
President John F. Kennedys grav med evighetsflammen.
Foto: 1992
Arlington National Cemetery

Æresgravlunden i Arlington (på engelsk: Arlington National Cemetery) er USAs viktigaste krigskyrkjegard . Kyrkjegarden ligg i Arlington i Virginia, ved Potomacelva, midt imot Washington, D.C., i USA. Gravlunden vart grunnlagd under den amerikanske borgarkrigen på eigedomen til general Robert E. Lee. Her kviler soldatar som mista livet under den amerikanske revolusjonen, falne frå andre verdskrig, Koreakrigen og Vietnamkrigen, og dessutan frå krigane i Afghanistan og Irak. Her finst òg grava til den ukjende soldat.

Meir enn 400 000 er gravlagt på Arlington, som utfører nærare 30 bisettelser kvar dag.[1]

USAs 27. president, William Howard Taft (død 1930), vart gravlagt her. USAs 35. president, John F. Kennedy (død 1963), ligg òg gravlagt her, det same gjer hans enke, Jacqueline Kennedy (død 1994), og hans bror, senator Robert F. Kennedy (død 1968). Senator Edward «Ted» Kennedy vart òg gravlagd her etter sin død i 2009. Blant øvrige kjende personar som er stedd til kvile på Arlington kyrkjegard er John Basilone, Lee Marvin, Dashiell Hammett og Bernt Balchen.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. [1]

Eksterne lenkjer[endre | endre wikiteksten]