Bernt Balchen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bernt Balchen

Bernt Balchen (fødd 23. oktober 1899 i Tveit kommune, død 18. oktober 1973 i Mount Kisko, New York, USA) var ein norsk, seinare norskamerikansk flypioner, oppdagar og offiser.

Balchen vart fødd på garden Myra på Drangsholt i Tveit kommune nær Kristiansand. Han var son av kommunelege Lauritz Balchen (f. Kristiansand 1869) og Dagny Balchen (f. 1879). Førenamnet fekk han etter farfaren sin, Bernt Balchen (f. Øvrebø/Vennesla i 1832).

Flygar og eventyrar[endre | endre wikiteksten]

Bernt Balchen som ung mann
Balchen med ein sledehund føre ein Fokker-maskin under Richard E. Byrds Antarktisekspedisjon i 1929.
Foto: Library of Congress
Saman med andre flygarar heidra i 1931 Balchen minnet om Ehrenfried Günther Freiherr von Hünefeld (1892–1929) ved eit besøk hos mor hans i Berlin.
Foto: Bundesarchiv, Bild 102-12153 / CC-BY-SA
Balchen med Amelia Earhart i 1932. Balchen var hyra som mekaniker i førebuingane til Earharts andre Atlanterhavsflyging i 1932

Bernt Balchen vil bli hugsa som ein av pionerane innan polarflyging. Han byrja som flyelev på Kjeller alt i 1914. Balchen melde seg i 1918 som frivillig i den finske borgerkrigen, og kjempet under Carl Gustaf Mannerheim.[1] Han tok militært flysertifikat ved Marinens Flygeskole i Horten i 1921. Deretter var han flygar i Marinens flygevåpen.

I 1925 var han flygar på redningsaksjonen til Amundsen/Ellsworth til Spitsbergen. I 1926 søkte han permisjon og drog til Svalbard for å vere reserveflygar og ein del av bakkemannskapet i Ny-ÅlesundRoald Amundsen skulle dra mot Nordpolen med luftskipet «Noreg». På Svalbard møtte Balchen Richard E. Byrd og bistod han med å reparere flyet «Josephine Ford», ein Fokker Trimotor om skulle brukast på luftferda mot Nordpolen. Det blir karakterisert som «generøst» at Roald Amundsen lånte ut eit ekspedisjonsmedlem til ein konkurrent. Det var då òg lenge rekna at Byrd var den første som flaug over Nordpolen, medan Amundsen/Nobile-ekspedisjonen berre vart nr. 2.

Det er seinare, blant anna ut frå Balchens observasjonar som augevitne og røynsle bak spakane på «Josephine Ford», dokumentert at Byrd kan ha bløffa og ikkje nådde fram til Nordpolen 9. mai 1926, slik han påstod. Første overflyging av den geografiske nordpolen skjedde difor klokka 0125 natt til den 12. mai 1926 med luftskipet «Noreg». Om bord var den 16 menn store besetninga med blant anna Roald Amundsen, Lincoln Ellsworth, Umberto Nobile og Oscar Wisting.

Byrd inviterte likevel Balchen til USA under mellomlandinga si på tilbaketuren etter forslag frå Russel Owen, som var med Byrd som korrespondent for New York Timst. I 1926 reiste Balchen til USA. Eit nært samarbeid med Byrd som varte i mange år starta. Balchens første oppgåva var å presentere flyet «Josephine Ford», som stod på utstilling. Saman med Floyd Bennett, som hadde ført «Josephine Ford» for Byrd, drog han så på ein stor USA-turné med flyet den 7. oktober. Turnéen var sponsa av Guggenheim Foundation og varte til 23. november. Deretter vart flyet plassert på permanent utstilling hos Ford i Detroit.

Det var planen at Bennet skulle vere flygar òg på Byrd sin neste ekspedisjon, men han døydde plutseleg. Anthony Fokker, den legendariske flydesigneren og produsenten, insisterte på at Balchen skulle ta Bennets plass – og slik vart det. Sidan Charles Lindbergh allereie hadde kryssa Atlanterhavet i fly, valde Byrd ein litt annan vinkling for å vere først ute på området sitt. I 1927 flaug difor Balchen den første post- og passasjerflyet i verda over Atlanteren. Byrd var passasjer. Dårleg vêr og lågt skydekke gjorde landinga i Paris umogleg etter gjentekne forsøk. Drivstoffet byrja òg å ta slutt så dei vart samde om å returnere til kysten av Frankrike og lande flyet på ei strand. Alle strendene var fulle av fiskebåtar så dei hadde ikkje anna val enn å lande flyet på sjøen. Fokker F.VII Trimotor var ikkje designa for å lande på vatn. Mirakuløst kom ingen av besetningsmedlemmene til skade, mykje takka vere at Balchen var ein dugande pilot. Flyet var totalvrak.

I 1928 flaug Balchen til Grennly Island nord for Newfoundland for å redde mannskapet på det tyske flyet «Bremen», som hadde krasjlanda under ei Atlanterhavsflyging. Den 28. og 29. november 1929 var han førsteflygar ombord på flyet «Floyd Bennet», ein Ford Trimotor, som tok Richard E. Byrd til Sørpolen. Dette var første gongen Sørpolen vart overflydd.

Amerikanar og offiser i USAF[endre | endre wikiteksten]

I 1931 vedtok Kongressen ei lov som gjorde Balchen til amerikansk statsborgar. Frå midten av 1930-talet til 1948 hadde Byrd og Balchen berre sporadisk kontakt.

Frå 1939 då andre verdskrig starta og eit par år framover, hadde han ansvaret for å forsyne britiske styrkar i England og Singapore med fly. I september 1941 vart utnemnt til offiser i det amerikanske flyvåpenet. Han vart sjef for Task Force 8. Han etablerte og leia den militære flybasen Bluie West 8 på sørvestkysten av Grønland. Herfrå organiserte han fleire allierte operasjonar mot Noreg og Skandinavia. Han flaug òg sjølv fleire spektakulære tokt for å redde havarerte flymannskap frå den visse døden i isaudet. Balchen var stasjonert på Grønland i to år.

I 1943 hadde Balchen fått graden oberst og vart forflytta til 8th Air Force som opererte mot Noreg og Sverige, blant anna med våpen- og utstyrsslepp til motstandsrørsla i Noreg. Flya han hadde under kommandoen sin sørgde òg for at 4 399 nordmenn og andre flyktningar vart floge ut av Sverige slik at dei kunne delta aktivt på alliert side. Det var knapt med transportfly og dei allierte prioriterte forsyningar til Milorg lågt. Balchen starta difor sommaren 1944 ei sleppteneste med seks gamle B-24 Liberator-fly. Desse flaug i alt 64 tokt til det okkuperte Noreg.

Han organiserte òg «Operasjon Balder», flygingar med norske mannskap frå Sverige til Storbritannia. Frå november 1944 til august 1945 leia òg Balchen innflyging av mat, medisinar og polititroppar til Finnmark frå Kallax flyplass i Luleå i Nord-Sverige.

Etterkrigstid[endre | endre wikiteksten]

I ein periode før og etter andre verdskrigen var han sjefinspektør og direktør i DnL (Det Norske Luftfartsselskap), som sidan vart den norske delen av SAS. I 1948 vart Balchen bede om å kome tilbake til aktiv teneste i USAF. Han vart sjef for 10th Rescue Squadron i Alaska og rådgjevar for det amerikanske flyvåpenet i arktiske spurnader. I mai 1949, medan Balchen var sjef for 10th Rescue Squadron i Alaska, flaug han ein C-54 frå Fairbanks via Nordpolen til Thule i Grønland. Balchen vart dermed den første i verda som flaug over begge polane. 16. september 1949 flaug han som førstemann i verda nonstop frå Anchorage i Alaska over Nordpolen til Skandinavia.

Balchen vart overført til hovudkvarteret til flyvåpenet i Pentagon (HQ USAF) i 1951 for å delta i oppbygninga av forsvaret av nordområda og utviklinga av system for tidleg varsling av ballistiske rakettangrep (BMEWS). Etter at han forlét USAF i 1956 hadde Balchen enno spesialoppdrag for luftforsvaret og dessutan for fly- og energiindustri som konsulent fram til han døydde.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Balchen mottok medan han levde ei rekkje ordenar. For innsatsen sin som flypioner mottok han i 1930 ein Special Congressional Medal frå USA. For sin krigsinnsats mottok han Distinguished Flying Cross og Distinguished Service Medal, den norske Deltakarmedaljen og vart i 1945 utnemnt til kommandør med stjerne av St. Olavs Orden. Han mottok òg Bronze Star Medal, Air Medal, Legion of Merit, Soldier's Medal with Oakleaf Cluster, den amerikanske National Defense Service Medal med stjerne, og dessutan fleire kampanjemedaljar.


Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Bernt Balchen døydde av kreft 18. oktober 1973 i Mount Kisko, New York. Han er gravlagt på Arlington æreskyrkjegard i Washington DC. 23. oktober 1999, hundreårsdagen for Balchens fødsel, avduka kong Harald V ein statue til minne om Bernt Balchen i Østerhavna i Kristiansand.

På gravsteinen hans står denne tekstem Balchen sjølv har skrive: «Today goes fast and tomorrow is almost here. Maybe I have helped a little in the change. So I go on to the next adventure looking to the future but always remembering my teammates and the lonely places I have seen that no other man saw before…»

Balchen er òg minna ved at han har fått ein plass i National Aviation Hall of Fame i Dayton i Ohio blant dei fremste pionerane innan amerikansk flyging og luftfart. På Luftforsvarets skolesenter Kjevik er Bernt Balchen mint med eit bronserelieff på gråstein som er ei gåve frå «Sons of Norway» til Luftforsvaret.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Balchen, Bernt: The War Below Zero, 1944
  • Balchen, K; m.fl.; Bernt Balchen og flygerne på Grønland, 1946
  • Balchen, Bernt: Mat i flygende fart : En oppskriftsbok ved Bess Balchen. Oslo 1951.
  • Balchen, Bernt: The Next Fifty Years of Fliqht, 1954
  • Balchen, Bernt: Kom nord med meg, Oslo 1958.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kom nord med meg, s. 169

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]