Æthelred av Wessex

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Æthelred
Æthelred - MS Royal 14 B VI.jpg
Konge av Wessex
Regjeringstidca. 865-871
AngelsaksiskÆþelræd
Føddca. 847
FødestadWessex
Død23. april 871
GravstadDorset
FøregangarEthelbert
EtterfølgjarAlfred
Gift medWulfthryth
Gift medWulfthryth of Wessex
DynastiHuset Wessex
FarEthelwulf av Wessex
MorOsburga av Wessex
BornÆthelhelm og Æthelwold

Æthelred (angelsaksisk Æþelræd, tidvis attgjeve som Ethelred, 'edelt råd'; fødd ca. 847[1], død 23. april 871) var konge av Wessex (vestsaksarane) frå 865 til 871. Han var den fjerde sonen til kong Æthelwulf av Wessex. Han etterfølgde bror sin, Æthelberht (Ethelbert), som konge av Wessex og Kent.[2][3]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

I 853 drog den yngre broren hans Alfred til Roma, og ifølgje samtidige referansar i Liber Vitae i det italienske klosteret San Salvatore i Brescia blei han følgd av Æthelred.[4] Første gong han vitna i eit charter for far sin som ætheling (arveprins) var i 854, og han hadde denne tittelen fram til han kom på trona i 865. Det er mogleg at han fungerte som underkonge så tidleg som i 862, og i 862 og 863 då han sjølv gav ut charter som konge av vestsaksarane. Dette må ha vore som stadfortredar eller i fråvær av den eldre broren Æthelberht. Det er ingen omtale om konflikt mellom brørne, og han heldt fram med å vera vitne til charter for broren som kongsson i 864.[5][6]

Styre[endre | endre wikiteksten]

Det same året som Æthelred blei konge kom «ein stor heidensk hær» til England, og i løpet av fem år hadde denne øydelagt to av dei fremste engelske kongerika, Northumbria og East Anglia. I 868 bad svogeren til Æthelred, kong Burgred av Mercia, om hjelp frå han mot vikingane. Saman med broren Alfred, den framtidige kongen av Wessex, leia dei ein vestsaksisk hær mot Nottingham, men det kom ikkje til noko avgjerande slag etter at Burgred kjøpte seg fri frå dei danske vikingane.[5] I 874 nedkjempa danane Burgred og fordreiv han frå landet.[7]

I 870 vende danane merksemda si mot Wessex, og den 4. januar 871, i slaget ved Reading, fekk Æthelred eit tungt nederlag.[8] Sjølv om han klarte å samla hæren til eit nytt slag, som dei gjekk sigrande ut av i slaget ved Ashdown den 8. januar 871,[9] gjekk han gjennom to nederlag til den 22. januar ved Basing[10] og den 22. mars i slaget ved Meretun.

Ein gong rundt 867 greidde Æthelred å etablere ein felles valuta mellom Wessex og Mercia ved å tilpassa seg den mercianske typen av lunette-penny,[11] og det blei berre slått myntar ved London og Canterbury som deretter sirkulerte i begge kongedøma.[12]

Æthelred døydde kort tid etter påske, den 15. april 871, og er gravlagd ved Wimborne Minster i Dorset. Han ble etterfølgd av den yngre broren Alfred.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Kona til Æthelred heitte truleg Wulfthryth. Eit charter frå 868 viser til «Wulfthryth regina» (dronning). Det var sjeldan i Wessex på 800-talet for kona til ein konge å bli omtalt med tittelen dronning, og det er berre heilt klart at tittelen blei gjeven til Æthelwulf si andre kone Judith Martel av Flandern.[13] Historikarane Barbara Yorke[14] og Pauline Stafford[15] og forskingsprogrammet Prosopography of Anglo-Saxon England (PASE)[16][17] tek for seg charteret som viser at Wulfthryth var dronninga til Æthelred. Ho kan ha vore ei dotter[18] eller søyter av ealdorman Wulfhere av Wiltshire, som tapte landet sitt etter anklagar om å ha svikta kong Alfred for danane ein gong rundt 878.[19][20] Imidlertid nevner historikeren Sean Miller henne ikke.[5] I notane til Simon Keynes og Michael Lapidge si utgåve av Alfred the Great: Asser's Life of King Alfred & Other Contemporary Sources frå 1983 blei ei «mystisk 'Wulfthryth regina'» omtalt,[21] men Keynes omtalte henne i 1994 som «truleg kona til kong Æthelred».[22]

Æthelred hadde to søner ein kjenner til, Æthelhelm og Æthelwold. Han hadde truleg også ein tredje son, Oswald eller Osweald, som stod som vitne til to charter i 868 som kongsson, og enda eit under Alfred sitt styre i 875 med same tittel.[23] Æthelwold talte mot at Alfred sin son Edvard skulle få krona etter at Alfred døydde i 899, men fekk ikkje gjennomslag. Blant etterkomarane etter Æthelred er historikaren Æthelweard og Æthelnoth, som blei erkebiskop av Canterbury. I testamentet sitt etterlet Alfred eigedom til ein slektning, Osferth, men tilknytinga hans til Alfred er ikkje kjend. Keynes og Lapidge meiner at han kan han vore ein soneson av Æthelred gjennom Oswald.[24]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ifølgje Sean Miller i Oxford Dictionary of National Biography om Æthelred, han var truleg rundt eitt år eldre enn Alfred
  2. Johnson (1905): The Great Events by Famous Historians, s. 49
  3. «Alfred the Great (849 AD – 899 AD)», BBC History
  4. Nelson, Janet L. (2004): «Æthelwulf» i: Oxford Online Dictionary of National Biography
  5. 5,0 5,1 5,2 Miller, Sean (2004): «Æthelred I» i: Oxford Online Dictionary of National Biography
  6. Abels, Richard (1998): Alfred the Great: War, Kingship and Culture in Anglo-Saxon England, Routledge, s. 50
  7. Kelly, S. E. (2004): Burgred i: Oxford Online Dictionary of National Biography
  8. Chisholm, Hugh (1911): The Encyclopædia Britannica, 11. utg., s. 290.
  9. Lyon, Henry R. (1967): Alfred the Great, s. 20.
  10. Stephen, Leslie, red. (1889): «Ethelred (d.871)» i: Dictionary of National Biography, s. 890.
  11. «GF5 - The Kingdom of Mercia, Burgred», York Coins
  12. Hindley, Geoffrey (2006): A Brief History of the Anglo-Saxons, Robinson, London, s. 206
  13. Keynes, Simon; Lapidge, Michael, red. (1983): Alfred the Great, s. 71, 235
  14. Yorke, Barbara (2001): «Edward as Ætheling» i Higham, N. J. & Hill, D. H. red.: Edward the Elder, 899-924, London, s. 31
  15. Stafford, Pauline (1997): Queen Emma & Queen Edith, Blackwell, s. 324
  16. About PASE
  17. PASE: «Wulfthryth 2» Arkivert 24. september 2015 på Wayback Machine.
  18. Foot, Sarah (2011): Æthelstan, s. xv
  19. Kirby, D. P. (2000): The Earliest English Kings, s. 177
  20. Nelson, Janet (1986): «'A king across the sea' Alfred in continental perspective» i: Transactions of the Royal Historical Society 36, s. 55.
  21. Keynes, Simon; Lapidge, Michael, red. (1983): Alfred the Great, s. 235
  22. Keynes, Simon (November 1994): «The West Saxon Charters», s. 1130, note 4
  23. Dumville, David (1979): «The ætheling», s. 11
  24. Keynes, Simon; Lapidge, Michael, red. (1983): Alfred the Great, s. 322, note 79

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Abels, Richard (1998): Alfred the Great. Longman. ISBN 0-582-04047-7.
  • Babington, Anthony (1978): The rule of law in Britain from the Roman occupation to the present day. Published by B. Rose. ISBN 0-85992-108-5.
  • Chisholm, Hugh (1910): The Encyclopædia Britannica (11. utg.).
  • Foot, Sarah (2011): Æthelstan: the first king of England. Yale University Press. ISBN 978-0-300-12535-1.
  • Dumville, David (1979): «The ætheling: a study in Anglo-Saxon constitutional history» i: Anglo-Saxon England 8.
  • Johnson, Rossiter; Horne, Charles Francis; Rudd, John (1905): The Great Events by Famous Historians. The National Alumni.
  • Keynes, Simon; Lapidge, Michael, red. (1983): Alfred the Great: Asser's Life of King Alfred & Other Contemporary Sources. Penguin Classics. ISBN 978-0-14-044409-4.
  • Keynes, Simon (November 1994): «The West Saxon Charters of King Æthelwulf and his sons» i: English Historical Review 109. ISSN 0013-8266.
  • Kirby, D. P. (2000): The Earliest English Kings, revi. utg.,. Routledge. ISBN 0-415-24211-8.
  • Lyon, Henry R. (1967): Alfred the Great. Volume XIV. Oxford University Press.
  • Oman, Charles W. C. (1972): A History of England. Ayer Publishing. ISBN 0-8369-9920-7.
  • Oman, Charles W. C. (1910): England before the Norman Conquest. Methuen.
  • Stephen, Leslie, red. (1889): «Ethelred (d.871)» i: Dictionary of National Biography 18. London: Smith, Elder & Co.