Danar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Holger Danske er ein mytisk dane frå fleire forteljingar.

Danane (norrønt danr) var eit nordgermansk folk i området som i dag omfattar sørlege Sverige og Danmark. Danane blei nemnde i skriftlege kjelder frå 500-tallet: av Jordanes, Prokopios, og Gregorius av Tours. I Jordanes si skildring av landområdet Scandza (antageleg Skandinavia) fortel han at danane var av same slag folk som suionar (svear), og skal ha fordrive ei anna germansk stamme ved namn herularar frå heimlandet sitt. Danar vart ikkje nemnde av Tacitus, noko som mogelegvis kan bety at dei i første hundreåret e.Kr. ikkje skilte seg frå svearane.

Ifølgje den danske forfatteren frå 1100-talet Sven Aggesen var det den mytiske kong Dan som gav namn til danane. Han skal då òg ha gitt namnet til Danmark i overført betydning, men dei fleste språkforskarane tvilar sterkt på dette. Det var ikkje før på 700-tallet at «danar» verker å ha blitt synonymt for heile Danmarks befolkning, men samtidig blei «danar» og «dansk tunge» (dansk språk) tidvis betegnelsen på nordbuarar generelt, for i vikingtida klarte nemleg ikkje landa sør for Skandinavia alltid å skilje mellom nordmenn, svenskar og danar. Den etymologiske bakgrunnen til «danar» er sannsynlegvis ei avleiing av det indoeuropeiske *dhen-, som betyr «flate, flatt brett», som kanskje viser til den flate geografien til Danmark. Tillegget «mark» i Danmark kjem frå norrønt mǫrk og betyr grense eller grenseområde, altså «Dananes grenseland». Frå slutten av mellomalderen blei nemninga danar erstatta av danskar.