Judith av Flandern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Judith av Flandern
Heilig-Blut-Tafel Weingarten 1489 img002.jpg
Fødd1033
Brugge
Død5. mars 1094
Weingarten
Alle titlarhertug
Hus eller slekthuset Flandern
MorEleanora av Normandie
FarBaldwin IV
EktefelleTostig Godwinson, Welf I
BarnWelf II av Bayern, Heinrich IX., Adelheid von Bayern, Guelph V Herzog von Bayern, Skuli Tostesson, Ketel (?), Adelheid von Bayern, Guelph V Herzog von Bayern

Judith av Flandern (fødd 1030-35, daud 5. mars 1095)[1] var ei flamsk adelskvinne som gjennom ekteskap med først Tostig Godwinson og seinare Welf I av Bayern var grevinne av Northumbria og hertuginne av Bayern.

Ho åtte mange bøker og illuminerte manuskript, som ho gav til Weingarten kloster då ho døydde.[2] Ho er også kjend for å ha gjeve relikviet Kristi blod til klosteret.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Judith blei truleg fødd mellom 1030 og 1035 i Brugge som det einaste barnet til grev Balduin IV av Flandern og den andre kona hans, Eleanor av Normandie, som var dotter av Rikard II av Normandie og Judith av Bretagne.[3] Ho blei kalla opp etter dottera til Karl den skalla, som var gift med den første grev Balduin.[2]

Den eldre halvbroren til Judith, Balduin V Flandern, blei greve etter far deira då denne døydde då Judith var få år gammal. Ein del forskarar har lagt fram teoriar om at far til Judith var Balduin V og ikkje Balduin IV.[4]

Judith var moster til Matilda av Flandern som blei gift med Wilhelm, hertug av Normandie og etterkvart konge av England, kjend som Vilhelm erobraren. Judith var også syskenbarn av Vilhelm ettersom han var sonen til morbroren hennar, Robert I av Normandie.

Judith av Flandern giftar seg med Welf (1489)

Ekteskapet med Tostig Godwinson[endre | endre wikiteksten]

På eit ukjend tidspunkt før september 1051 blei Judith gift med Toste Gudinesson eller Tostig Godwinson, son av Godwin av Wessex og bror til den seinare kong Harald II av England. I september 1051 måtte Judith flykta med ektemannen og svigerfamilien til Brugge etter at Tostig hadde blitt med på faren sitt opprørmot kong Edvard vedkjennaren. Dei vende tilbake til England året etter.

Tostig blei utnemnd til jarl eller earl av Northumbria i 1055. Ekteskapet med Judith, som var av høg byrd, hjelpte han til å oppnå denne tittelen.[5] Paret fekk barn som ein ikkje kjenner tal eller namn på. Dei blir omtalte som små då far deira døydde i Vita Ædwardi Regis.

I oktober 1065 gjorde Northumbria opprør mot styret til Tostig. Etter at bror hans Harald overtalte kong Edvard til å godta krava til opprørarane hadde brørne ein bitter konfrotasjon der Tostig skulda Harald for å ha sett i gang opprøret. I november det året blei Tostig lyst fredlaus av kong Edvard. Han og familien måtte søka ly hjå bror til Judith i Flandern. Balduin utnemnde Tostig til kastellan eller borggreve av Saint-Omer. I mai 1066, etter at Harald var blitt konge av England i januar, vende Tostig attende til England med ein flåte Balduin hadde gjeve han for å hemna seg på broren. Han skipa ein allianse med kong Harald Hardråde, men begge blei drepne 25. september 1066 av styrkane til kong Harald Godwinsson ved slaget ved Stamford bru. Mindre enn ein månad seinar blei Harald Godwinsson sjølv drepen i slaget ved Hastings av normannarhæren leia av syskenbarnet hennar, Vilhelm erobraren.

Som enkje drog Judith til Danmark. Ein går ut frå at ho tok dei små barna sine med seg, men ingenting er kjend sikkert om kva som skjedde med dei seinare. Fagrskinna og Morkinskinna, nemner Skule Kongsfostre (Skuli Konungsfóstri), ein forfar til kong Inge II av Noreg, som son av Tostig. I Heimskringla er han også nemnd saman med broren Kjetil Krok, men opphavet er ikkje oppgjev. Ingen av kjeldene nemner Judith som mor hans.

Ekteskapet med Welf av Bayern[endre | endre wikiteksten]

I 1071, då ho var 35-38 år gammal, gifta Judith seg med hertug Welf I av Bayern,[6] som hadde oppløyst ekteskapet med den første kona si Ethelinde av Northeim i 1070.[7] Gjennom ekteskapet blei ho hertuginne av Bayern, men i 1077 blei ektemannen fråteken tittelen. Han fekk han først attende i 1096, eit år etter at ho var død.

Ekteparet hadde hovudheimen sin ved slottet i Ravensburg. Dei fekk borna:

  • Welf II av Bayern (1072–24. september 1120), gift med Matilda av Toscana,[6] døydde barnlaus
  • Henrik IX av Bayern (1074–13. desember 1126),[6] gift med Wulfhild av Sachsen, som han fekk sju barn med
  • Kunizza av Bayern (d. 6. mars 1120), gift med Frederich Rocho, greve av Diesen

Død og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Judit gjev Kristi blod-relikviet til klosteret i Weingarten. Frå biletverket Heilig-Blut-Tafel frå 1489.
Judith i Weingartener Stifterbüchlein frå rundt 1510.

Judith døydde 5. mars 1095, og blei gravlagd i Weingarten kloster. Der blei ho minna som enkjedronning av England.[1] Ektemannen Welf døydde i 1101 på Kypros medan han vende tilbake frå Det første krosstoget. Også han blei gravlagd i klosteret.

Klosteret var blitt bygd og støtta av Welf og Judith på Martinsberg i Weingarten. Judith skjenkte også den store boksamlinga si og eit relikvie av Kristi blod til klosteret.[8] Judith hadde arva relikviet frå Balduin V, som igjen hadde det frå Henrik III av Det tysk-romerske riket. Relikviet blir framleis ære med opptog i Weingarten den første fredagen etter Kristi himmelfartsdag.

Judith blei skildra som from og nyfiken. Gjennom heile livet gav ho gåver til kyrkjer og kloster, som domkyrkja i Durham i England, som ho gav land og eit kostbart krusifiks til. Krusifikset skal ho ha gjeve for å blidgjera den heilage Cuthbert, som kyrkja var vigd til. Han hadde lagt ned forbod for kvinner mot å gå inn i kyrkja som husa relikviane hans. Judith skal ha bede tenestekvinna si gå inn i kyrkja, og så planlagd å gå inn sjølv dersom alt gjekk godt. I staden blei tenestekvinna råka av eit plutseleg, sterkt vindkast så snart ho gjekk inn i kyrkjegarden, som gjorde at ho blei sengeliggjande og til slutt døydde. Som bot skal Judith ha fått laga eit krusifiks spesielt for kvilestaden til Cuthbert.[9]

Gjennom heile livet samla Judith bøker og manuskript og fekk laga dei. Nokre av desse verka finst framleis,[10] mellom anna 'Evangelia til hertuginne Judith', som no er ved Pierpont Morgan Library i New York by.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 van Houts, Elisabeth (2004). «Judith of Flanders, duchess of Bavaria (1030x35–1095)». Oxford Dictionary of National Biography. Oxford University Press. doi:10.1093/ref:odnb/54458. Henta 25 October 2016. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Gospels of Judith of Flanders, MS. M. 708, Pierpont Morgan Library og Gospels of Judith of Flanders, MS. M. 709, Pierpont Morgan Library. Sjå òg Dockray-Miller, The Books and the Life of Judith of Flanders.
  3. Schneidmüller, Die Welfen, s. 134-135
  4. T.d. Robinson, Henry IV, s. 70
  5. Frank Barlow, Edward the Confessor, s. 195, Google Books, henta 5. mars 2010
  6. 6,0 6,1 6,2 Luscombe & Riley-Smith 2006, s. 755.
  7. Schneidmüller, Die Welfen, s. 134
  8. Michael Heinlen, An Early Image of a Mass of St Gregory and Devotion to the Holy Blood at Weingarten Abbey, University of North Texas, henta 5. mars 2010
  9. William M. Aird, The Boundaries of Medieval Misogyny: Gendered Urban Space in Medieval Durham, Cardiff University, s. 49-50, henta 4. mars 2010
  10. Francis Newton, The Scriptorium and Library at Monte Cassino, 1058-1105, s. 234
Bibliografi
  • Luscombe, David; Riley-Smith, Jonathan, red. (2006). The New Cambridge Medieval History. Cambridge University Press. 
  • B. Schneidmüller: Die Welfen. Herrschaft und Erinnerung (819–1252). (Stuttgart, 2000), s. 119–123
  • I.S. Robinson, Henry IV of Germany, 1056-1106 (Cambridge, 2003).
  • M. Dockray-Miller, The Books and the Life of Judith of Flanders (Farnham, 2015).