Çanakkale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Çanakkale
by
Flyfoto.
Land  Tyrkia
Region Marmararegionen
Provins Çanakkale
Del av Southern Marmara
Koordinatar 40°09′N 26°24′E
Areal 938 km²
Folketal 106 116 Türkisches Institut für Statistik, abgerufen 7. Juni 2011
Folketettleik 113 / km²
Borgarmeister Ülgür Gökhan
Kart
Çanakkale
40°9′ N 26°24′ E
Wikimedia Commons: Çanakkale
Nettstad: www.canakkale.bel.tr
Sentrum av byen.

Çanakkale hamn i Tyrkia i provinsen Çanakkale, på sørkysten av Dardanellane (eller Hellespont) på det smalaste punktet. Byen har kring 105 000 innbyggjarar (2010).[1]

Ferjeruta mellom Çanakkale og Gallipoli på den andre sida av Dardanellane knyter Istanbul og Izmir og er difor særs trafikkert. To kilometer frå Çanakkale ligg den antikke byen Abydos. Çanakkale er òg den moderne byen som ligg nærast den antikke byen Troja. Trehesten som vart brukt i filmen Troja er utstilt i byen.

Çanakkale var opphavleg eit osmansk fort med namnet Kale-i Sultaniye, «Fortet til sultanen». Byen vart seinare kjent for pottemakeriet sitt og namnet vart dermed Çanakkale, av çanak, «krukke», og kale, «fort».

Klima[endre | endre wikiteksten]

Çanakkale har eit middelhavsklima med varme og tørre somrar og kjølige og regnfulle vintrar.

Vêrdata for Çanakkale
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 19,9 21,2 24,2 26,1 32,1 36,8 39 38,6 35,4 31,7 25,2 22,5 39
Gjennomsnittleg maks °C 9,6 9,8 12,3 16,9 22,4 27,7 30,6 30,3 26 20,5 15,4 11,3 19,4
Gjennomsnittleg min °C 3,3 3,4 5 8,7 12,9 17,1 19,8 19,9 16,1 12,3 8,2 5,3 11
Lågast målte °C −8,6 −11,2 −8,4 −1,3 3,4 8,4 11,6 11,6 8,2 0,4 −2,8 −7,2 −11,2
Gjennomsnittleg nedbør mm 85,3 66,2 65,8 47,3 32,1 23,1 14,6 6,9 21,9 58 89,1 102,4 612,7
Gns. solskinstimar i månaden 105,4 123,2 170,5 219 294,5 333 365,8 350,3 267 195,3 132 93 2 649
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü [2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]