Gallipoli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om halvøya. For byen på halvøya, sjå Gelibolu. For fleire tydingar, sjå Gallipoli (fleirtyding).

Koordinatar: 40°22′2″N 26°27′18″E

Satellittbilete av Gallipolihalvøya og omliggande område.

Gallipoli (tyrkisk Gelibolu Yarımadası, gresk Καλλίπολη) er ei halvøy som ligg i Tyrkisk Thrakia (eller Aust-Thrakia), den europeiske delen av Tyrkia, med Egearhavet i vest og Dardanellane i aust. Namnet Gallipoli kjem frå greske Καλλίπολις (Kallipolis), som tyder «vakker by».[1] I antikken vart halvøya kjend som Thrakisk Khersonesos (latinsk Chersonesus Thracica, gresk Θρακική Χερσόνησος).

Etter eit øydeleggjande jordskjelv i 1353 vart den greske byen Gallipoli nesten fråflytta, men så raskt erobra av tyrkarar frå Anatolia, den asiatiske sida av sundet. Gallipoli vart dermed det første fotfestet osmanarane fekk i Europa, og utgangspunktet for felttoga deira på Balkan.[2] Halvøya, som då var ein del av Austromarriket, vart gradvis erobra av Det osmanske riket frå 1200-talet til 1400-talet. Gallipoli vart ein stor militærleir for britiske og franske styrkar i 1854 under Krimkrigen. Under første verdskrigen gjekk britiske styrkar med hjelp frå kolonistyrkane deira, til åtak på halvøya i 1915, for å sikre ei rute til å støtte deira russiske allierte i aust. Osmanarane sette opp forsvarsverk langs halvøya og britane vart etter kvart drivne attende. Denne delen av krigen vart kalla Gallipolifelttoget og kring 750 000 mann deltok på begge sider. I alt mista kring 330 000 mann livet i felttoget og det britiske nederlaget førte til at Winston Churchill måtte gå av som marineminister. Den tyrkiske sigeren var viktig for karrieren til Mustafa Kemal Atatürk, som då var ein lite kjend offiser, som etter suksessen i Gallipoli vart ein nasjonalhelt. Han vart forfremma til pasja og då Det osmanske riket kollapsa etter krigen, grunnla han den moderne tyrkiske staten med tittelen Atatürk, «Tyrkias far».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Καλλίπολις, Henry George Liddell, Robert Scott, A Greek-English Lexicon, at Perseus project
  2. Crowley, Roger. 1453: The Holy War for Constantinople and the Clash of Islam and the West. New York: Hyperion, 2005. p 31 ISBN 1-4013-0850-3.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]