Dardanellane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Satellittbilete av Dardanellane.

Dardanellane (tyrkisk: Çanakkale Boğazı), tidlegare Hellespont, er eit smalt sund nordvest i Tyrkia som knyt Egearhavet saman med Marmarahavet.

På same måte som Bosporossundet, deler Dardanellane Europa (her ved Gallipoli-halvøya) frå Asia. Den største byen i nærleiken av Dardanellene er Çanakkale, som har fått namnet sitt frå det kjende borga i byen (kale tyder «borg»).

Terminologi[endre | endre wikiteksten]

Hellespont/Dardanellane, eit langt, smalt sund som deler Balkan (Europa) frå Anatolia (Asia)

Det tyrkiske namnet Çanakkale Boğazı er avleidd frå byen som ligg ved sundet, Çanakkale (som igjen har namnet sitt frå den kjende borga; kale i tyding «borg»).

Namnet Dardanellane er avleidd frå det antikke, greske området Dardanos (òg skrive Dardania) som låg ved kysten av sundet. Dette området var igjen kalla opp etter Dardanos, ein mytologisk son av Zevs og Elektra.

Namnet Hellespont var det antikke greske namnet, Ἑλλήσποντος, Hellespontos, det vil seie «Hellesjøen». Sundet fekk i samsvar med gresk mytologi namnet frå Helle, dotter av Athamas, som drukna her, i segnet om gullskinnet. Staden har òg hatt andre namn i klassisk litteratur, Hellesponium Pelagus, Rectum Hellesponticum, og Fretum Hellesponticum

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kart over slagmarka ved Dardanellane under første verdskrigen.

Sundet har hatt ei strategisk rolle opp igjennom historia. Til dømes fann den trojanske krigen stad på den asiatiske sida av Dardanellane.

Herodot fortel at persarkongen Xerxes I, son av Dareios I, kring 482 fvt. lét to bruer byggjast over sundet ved Abydos for at den fem millionar mann store hæren (i røyndomen var hæren truleg på ein halv million) hans skulle kome seg over sundet til Hellas. Men ein storm øydela begge bruene. Sjøen vart straffa med 300 piskeslag og ved at eit par kjettingar vart kasta uti, og etter dette gjorde bygningsarbeidarane bruene ferdig. I tillegg til å straffe Hellespont, fekk Xerxes byggleiarane halshogd. Historieverket til Herodot gjev ei detaljert skildring av brubygginga.

Det var òg over Hellespont Leander måtte krysse for å ha stevnemøte med sin elska, prestinna Hero. I nyare tid har Lord Byron gjort ein kjend symjetur over Hellespont.

Sundet var svært viktig for den osmanske dominansen over det austre Middelhavet. Difor freista dei allierte å erobre Dardanellane under første verdskrigen, i Gallipolifelttoget. Åtaket mislukkast, og dei store tapa gjorde nestan ende på karrieren til Winston Churchill.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]