Hopp til innhald

Çoruh

Koordinatar: 41°36′17″N 41°34′27″E / 41.6047°N 41.5742°E / 41.6047; 41.5742
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Çoruh
Tsjorokhi, Akampsis
elv
Land  Tyrkia,  Georgia
Nedslagsfelt 22 100 km²
Lengd 438 km
Middelvassføring 278 /s
Kjelde Mescidfjella
Munning Svartehavet
Kart
Çoruh
40°18′27″N 40°59′59″E / 40.3074°N 40.9997°E / 40.3074; 40.9997
Wikimedia Commons: Çoruh River

Çoruh (tyrkisk) eller Tsjorokhi (georgisk ჭოროხი; armensk Ճորոխ Tsjorokh, gresk Άκαμψις Akampsis) er ei elv som spring ut i Mescitfjella nordaust i Tyrkia. Ho renn gjennom byane Bayburt, Ispir, Yusufeli og Artvin, langs Kelkit-Çoruh-forkastinga, før ho renn inn i Georgia, der ho munnar ut i Svartehavet like sør for Batumi og nokre få kilometer nord for den tyrkisk-georgiske grensa.

I Periplus Ponti Euxini av Arrian vert ho kalla Άκαμψις Acampsis; Plinius kan ha forveksla ho med Bathys.[1]

Biologisk mangfald

[endre | endre wikiteksten]

Çoruhdalen ligg i den økologiske sonen i Kaukasus, som av World Wild Fund for Nature og Conservation International vert rekna som ein stad med særleg stort biologisk mangfald.[2][3] Çoruhdalen vert av tyrkiske bevaringsorganisasjonar rekna som eit viktig planteområde,[4] eit viktig fugleområde,[5] eit nøkkelområde for biologisk mangfald[6] og er utpeikt som eit høgprioritert verneområde. Dalen er rik på planteliv og her finst 104 nasjonalt utryddingstrua planteartar der 67 av dei er endemiske for Tyrkia.[4]

Çoruh har vorte kalla ein juvel for økoturisme og den siste gjenverande ville elva i Tyrkia, og vert marknadsført for gode høve for elvepadling.[7]

Det er planlagt bygd i alt 13 demningar i Çoruh-elva som ein del av vasskraftutbygging.[8], men i alt er 27 demningar planlagde i heile vassdraget. Fleire av dei er alt bygd, som Derinerdemninga.

  1. William Smith, Dictionary of Greek and Roman Geografi, 1:216 (1854).
  2. WWF Global 200 Regions
  3. Conservation International Biodiversity Hotspots
  4. 4,0 4,1 Ozhatay N, Byfield A & Atay S 2005, 122 Important Plant Areas of Turkey, for WWF Turkey, Istanbul, Turkey.
  5. Magnin G & Yarar M 1989, Important Bird Area i Turkey, Dogal Hayati Koruma Dernegi, Turkey.
  6. Eken G, Bozdogan M, I˙sfendiyaroglu S, Kılıç DT & Lise Y, (editörler) 2006, Key biodiversity areas i Turkey, Doga Dernegi, Ankara, Turkey.
  7. United Nations Development Programme: Europa & CIS, "Eastern Tyrkia Becomes Tourist Destination" [1][daud lenkje]
  8. ENCON 2006, ‘Yusufeli Dam and Hydroelectric Power Project Environmental Impact Assessment’, Ankara, Turkey.

41°36′17″N 41°34′27″E / 41.6047°N 41.5742°E / 41.6047; 41.5742