Batumi
Batumi ბათუმი | |
---|---|
Styresmakter | |
Land | Georgia |
Geografi | |
Flatevidd - By |
64,9 km² |
Innbyggjarar - By (2014) - folketettleik |
152 839 2 355/km² |
Koordinatar | Koordinatar: |
Høgd over havet | 3 m |
Tidssone | MSD (UTC+4) |
www.batumi.ge |
Batumi (georgisk skrift ბათუმი, tidlegare kalla Batum eller Batoum) er ein kystby ved Svartehavet og hovudstad i Adsjaria, ein autonom republikk sørvest i Georgia. Han har om lag 152 839 innbyggjarar (2014).
Batum er med den store hamna si eit kommersielt senter og siste stopp på den transkaukasiske jernbanen og røyrleidningen Baku-Tbilisi-Ceyhan. Han ligg 20 km nord for den tyrkiske grensa og har eit subtropisk klima med mange sitrus- og teplantasjar. Av industri i byen finn ein oljeraffineri, skipsverft, næringsmiddelindustri og lett industri.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Batumi ligg på same stad som den tidlegare greske kolonien Batis. Dei første moderne kjeldene nemner at det vart bygd festningsverk i byen på 1000-talet. Området var då under georgisk kontroll fram til 1500-talet då det vart avstått til Det osmanske riket. I 1878 vart byen avstått til Russland etter San Stefanotraktaten.
Etter at tsaren fall rykte først tyrkiske styrkar inn i byen i april 1918, følgt av britiske styrkar i desember same år. Dei britiske styrkane okkuperte Batumi fram til juli 1920.
Klima[endre | endre wikiteksten]
Klimaet i Batumi er subtropisk, og det veks palmer, sitron- og appelsintre i byen.
Middeltemperaturen i Batumi er 14 °C. Januar er den kaldaste månaden med ein middeltemperatur på 6 °C. Juli og august er den varmaste tida med ein middeltemperatur på 22 °C. Det kaldaste som er målt her er -7 °C, og det varmaste er 40 °C. Den normale årsnedbøren er om lag 2 500 mm, der januar er våtast og mai tørrast.
Månad | Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År |
Middeltemperatur [°C] | 6 | 7 | 8 | 12 | 16 | 20 | 22 | 22 | 20 | 16 | 12 | 8 | 14 |
Nedbør (mm) | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | 2 500 |
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |