Élena Tsagrinoú

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Élena Tsagkrinoú)
Élena Tsagrinoú
Fødd16. november 1994 (29 år)
FødestadAten
FødenamnΈλενα Τσαγκρινού
OpphavHellas
Aktiv2013–
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka somsongar, musikar

Élena Tsagrinoú, òg stava Elena Tsagrinou og Elena Tsagkrinou (fødd 16. november 1994), er ein gresk songar og tidlegare frontvokalist i bandet OtherView.[1] Tsagkrinoú representerte Kypros i Eurovision Song Contest 2021 med songen «El Diablo».[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Tsagkrinoú vart fødd i Athen i 1994, og som 14-åring deltok ho i Ellada Eheis Talento (Ελλάδα Έχεις Ταλέντο), den greske versjonen tilsvarande Norske Talenter, der ho nådde semifinalen. I 2013 vart ho med i bandet OtherView og spelte med dei fram til 2018. Same år innleidde ho solokarrieren sin og gav ut debutsingelen «Pame ap’ tin arxi» ('La oss gå frå byrjinga'), skriven av Dimitris Kontopoulos og Nikos Moraitis.[2]

Seinare gav ho ut fleire singlar og oppnådde stor suksess. Blant anna fekk musikkvideoane hennar fleire millionar treff på YouTube, og ho vart ein av dei mest populære popartistane i den greskspråklege musikkmarknaden.[2][3]

Tsagkrinoú har delteke i fleire musikkprogram i Hellas og Kypros, og har vore mentor på TV-programmet Just the 2 Of Us og programleiar for The Voice of Greece i 2016 og 2017.[3] Den kypriotiske kringkastaren RIK valde Tsagkrinoú til å representere Kypros i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.[2] Ho deltok med songen «El Diablo», skriven og produsert av Jimmy Thörnfeldt, Laurell Barker, Oxa og Thomas Stengaard.[2] Tsagkrinoú var nummer åtte på scena under den fyrste semifinalen tysdag 18. mai og ende på ein sjetteplass i semifinalen. Ho kvalifiserte seg til finalen laurdag 22. mai, der ho opna finalen som fyrste artist på scena.[4] Til slutt enda Kypros som nummer 16 av 26.[5]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar (med bandet OverView)[endre | endre wikiteksten]

  • 2014 – «What You Want»
  • 2014 – «O giros tou kosmou»
  • 2015 – «Ola afta pou niotho»
  • 2015 – «In the Club Bi*h»
  • 2016 – «Xana»
  • 2017 – «Tora i pote»

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 2018 – «Pame ap' tin archi»
  • 2018 – «Summar Romance»
  • 2018 – «Paradeisos»
  • 2019 – «Logia»
  • 2020 – «Amore»
  • 2020 – «Para me ankalia» (med Mike)
  • 2021 – «El Diablo»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Elena Tsagkrinou will represent Cyprus at the Eurovision Song Contest 2021» (på engelsk). 25. november 2020. Henta 4. desember 2020. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «Elena Tsagrinou - Cyprus - Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 4. desember 2020. 
  3. 3,0 3,1 «Cyprus: Elena Tsagrinou will sing "El Diablo" at Eurovision 2021» (på engelsk). 25. november 2020. Henta 4. desember 2020. 
  4. «⭐️ Grand Final Running Order ⭐️» (på engelsk). 20. mai 2021. Henta 21. mai 2021. 
  5. «Elena Tsagrinou - Cyprus - Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 5. september 2021.