Éomer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Éomer eller Eomær var ein konge over anglarane ved Nordsjøen400-talet. Han er rekna som stamfar til kongane i Mercia, og far til Icel, første kongen der. Far hans Éomer var Angeltheow.

Ein Éomer er nemnt i kvadet Béowulf, som son av Uffe av Angeln, soneson av Vermund. Denne kan og vera farfar til Éomer av Angeln.

..Ypparst av alle Offa vart nemnd
for gåver og sigrar, geirdjerv mann,
vide vyrd; med visdom han rådde
odelen sin. Eomær var son hans,
hermannshjelpar, Hemmings frende,
soneson åt Garmund, slagdjerv og mektig -

(omsett av Henrik Rytter).

Dette brotet er ført som prov for at kvadet er dikta til kongane av Mercia, og til ætlingen av Éomer, Offa av Mercia.

J. R. R. Tolkien nytta namnet på karakteren Éomer Eomundsson i boka Ringdrotten.