Økonomisk familierett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Den økonomiske familieretten høyrer inn under den overodna familieretten, og tek i all hovudsak føre seg dei økonomiske rettstilhøva mellom ektemakar. Ektemakane si gjensidige underhaldsplikt høyrer til dømes inn under dette rettsområdet.

Oversikt og rettsleg plassering i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Den økonomiske familieretten kan delast inn i to delar:

  1. ekteskapet sine økonomiske rettsverknader og
  2. dei økonomiske rettsverknadene av separasjon og skilsmisse.

Familieretten omfattar i dag m.a. formue- og gjeldstilhøvet til sambuarar òg, medrekna oppgjer av formuen ved samlivsbrot.

Familieretten er eit privatrettsleg emne, og økonomisk familierett kan plasserast i formueretten, som omhandlar økonomiske rettar og plikter. Desse rettane og pliktene kjem som regel av avtalar. Å inngå ekteskap er likevel ikkje ein formuerettsleg avtale.

Ektefellar kan inngå formuerettslege avtalar om kjøp og sal seg imellom, men desse reglane omfattast ikkje av familieretten. Avtaletypar som er unike for ektefellar er avtalar om sær- og felleseige, som er avtalar om formueordninga.

Sambuarforhold

Kort sagt blir sambuarar behandla som vanlege, ugifte personar, fram til det er behov for reglar, som t.d. ved arv, forsikring, trygd o.l., der det vert oppstild eigne krav til kven som kan reknast som sambuarar.

Sambuarar har sams foreldreansvar.