Ølgjær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ølgjær
Ølgjær
Ølgjær
Systematikk
Rike: Soppar Fungi
Rekkje: Sekksporesoppar Ascomycota
Underrekkje: Saccharomycotina
Klasse: Saccharomycetes
Orden: Saccharomycetales
Familie: Saccharomycetaceae
Slekt: Saccharomyces
Art: Ølgjær S. cerevisiae
Vitskapleg namn
Saccharomyces cerevisiae

Ølgjær (Saccharomyces cerevisiae) er ein gjærsopp i slekta Saccharomyces. Han er ein viktig modellorganisme for eukaryotar og har ført til mange oppdagingar av gen i pattedyr.[1]

Bruk ved brygging[endre | endre wikiteksten]

Blanding av kiselgur og gjær etter filtrering av øl

Ølgjær gjer at enkelte karbohydrat vert gjæra til etanol (alkohol). Stundom vert ølgjær kalla bryggerigjær, der gjærsoppen er drepen, medan enzym og vitaminar framleis er uskadde. Ølgjær er rikt på B-vitamin.

For bryggerigjær skil ein mellom «overgjær» og «undergjær». Overgjær dannar eit skum på toppen av væska under gjæringsprosessen og kan skape høgare alkoholinnhald og meir fruktig og søtare øltypar. Undergjær vert nytta til å lage lager. Denne gjærtypen produserer meir sukker, og har ein skarpare smak.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Longo VD, Shadel GS, Kaeberlein M, Kennedy B (2012). «Replicative and chronological aging in Saccharomyces cerevisiae». Cell Metab. 16 (1): 18–31. PMC 3392685. PMID 22768836. doi:10.1016/j.cmet.2012.06.002.