Østerstjuv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Østerstjuv
Østerstjuv
Østerstjuv
Systematikk
Rekkje: Ochrophyta
Underrekkje: Phaeista
Klasse: Brunalgar Phaeophyceae
Underklasse: Fucophycidae
Orden: Ectocarpales
Familie: Scytosiphonaceae
Slekt: Colpomenia
Art: Østerstjuv C. peregrina
Vitskapleg namn
Colpomenia peregrina

Østerstjuv (Colpomenia peregrina) er ein brunalge (tang) som dannar hole kuler på opptil 20 cm i diameter. Kulene er fylt med luft og kan løfte mindre muslingar, som østers, når vatnet stig.

Ei gruppe østerstjuvar på Isle of Wight.

Algane veks på andre alger, steinar og muslingar. Dei levde opphavleg berre i Stillehavet, men vart først registrert i Europa i 1906 i område med østers. Etter kvart har algane spreidd seg nordover langs austsida av Nord-Atlanteren frå Frankrike og oppover langs norskekysten til og med Trøndelag,[1] og stundom i Sverige og Portugal.[2] Han vart først registrert i Storbritannia i 1908 og i Irland i 1934.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Printz, H. 1952. On some rare or recently immigrated marine algae on the Norwegian coast. Nytt Mag. Bot. 1: 135 - 151
  2. Minchin, A. 1991. Further distributiona; records of the adventive marine brown alga Colpomenia peregrina (Phaeophyta) in Ireland. Ir. Nat. J. 23:380 - 381
  3. Morton, O. 2003. The marine macroalgae of County Donegal, Ireland. Bull. Ir. biogeog. Soc. 27: 3-164; Lynn, M.J. 1935. Rare algae from Strangford Lough.- part II. Ir. Nat. J. 5: 275-283