Østlandets Blad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Østlandets Blad er ei lokalavis med hovudkontor i Ski i Akershus fylke. Avisa blir utgjeven i Follo-kommunane.

Avisa vart starta i 1908 under namnet Øieren. Nyhets og avertissementsblad for Enebak, Kraakstad, Ski og Aas med omliggende distrikter, og kom ut i Kråkstad kvar onsdag og laurdag. Avisa vart trykt i Indre Smaalenenes Avis sitt trykkeri på Mysen. Avisa bytte namn til Østlandets Blad i 1919.

Opplagstal[endre | endre wikiteksten]

Utvikling i nettoopplag.[1]

År Nettoopplag
2000 18 041
2001 18 141
2002 17 737
2003 17 579
2004 17 369
2005 16 735
2006 15 962
2007 15 654
2008 15 348
2009 14 794
2010 14 337
2014 8 612

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.