Mysen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mysen
By
Mysenkirke.jpg
Mysen kyrkje på Mysen.
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Viken
Kommune Indre Østfold
Areal 4,78 km²
Folketal 6 513 (2017)
Folketettleik 1 363 / km²
Postnummer 1850 MYSEN
Preposisjon [1] Mysen

Mysen
59°33′0″ N 11°19′0″ E
Wikimedia Commons: Mysen

Mysen er ein by i Indre Østfold kommune i Viken. Han var administrasjonssenteret i Eidsberg kommune i Østfold fylke. Byen er eit kommunikasjons- og handelssenter med ein del industri, særleg næringsmiddelindustri, grafisk industri og verkstadindustri. Her ligg Heggen og Frøland tingrett. Det er også vidaregåande skole på Mysen. Like utanfor tettstaden ligg verksemda Edwin Ruud, eit distriktspsykiatrisk senter under Sykehuset Østfold. Det er travbane og utstillingsplass på bygda Momarken i nord.

Namnet «Mysen» kjem frå den gamle garden Mysen (norrønt Mysin, frå Mosvin), fordi tettstaden er reist på grunnen til garden. Mosi kjem frå 'myr', mens vin kjem frå 'eng'.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mysen blei til rundt stasjonen med same namn på Østre linje, jernbanelinja gjennom Indre Østfold-distriktet, som blei opna for trafikk i 1882. Etter fyrst å ha vore ein såkalla bygningskommune, blei Mysen sjølvstendig kommune 1. juli 1920, då han blei skild ut frå Eidsberg kommune. 1. januar 1961 blei Mysen slått saman med Eidsberg att. Rundt Mysen ligg også Hærland, Eidsberg, Trømborg og Slitu. Mysen har også Momarken travbane, fengsel. Eidsberg kommune vedtok at Mysen kan kalle seg by frå 1997.

Kultur og idrett[endre | endre wikiteksten]

Museum på Folkenborg i søre del av tettstaden.

Mysen har eit fotballag i 3. divisjon, Mysen IF.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Europaveg 18 (Oslo–Ørje–Stockholm) går gjennom nordre del av busetnaden og blir kryssa av riksveg 22 Lillestrøm–Halden. Elles er den samband nordaustover til Rødenes via fylkesveg 123. Østfoldbanens austre linje har stasjon i Mysen, endestasjon for lokalsamband med Oslo. Herfrå går det bussruter til resten av indre Østfold og til Oslo[2].

Folk frå Mysen[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Preposisjonsbruk». Språkrådet. 18. mars 2015. 
  2. Linje 9. ostfold-kollektiv.no. Vitja 11. mai 2020

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]