Øyfjellet vindpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Øyfjellet vindkraft)

Øyfjellet vindpark er eit vindkraftverk som i 2020 og 2021 vart utbygd vest for Øyfjellet i Vefsn kommune. Øyfjellet vindpark vil årleg produsere rundt 1200 GWh ved hjelp av 72 vindmøller. Den totale installerte effekten er 400 MW. Utbygginga blir gjennomført av prosjektselskapet Øyfjellet Wind AS som er heileigd av Raven Project II Carl i Luxemburg, i samarbeid med Eolus Vind Norge som er heileigd av den svenske selskapet Eolus Vind AB.[1]

Vindmølleparken, som har eit konsesjonsområde på 40 km², får 72 vindmøller med navhøgde på 105 m og rotordiameter på 149 m. Konsesjonsområdet ligg aust for Hundålvatnet, frå Elvdalsfjellet i sør til Digermulen i nord. Krafta blir overført til transformatorstasjon i Marka i Vefsn. Dette området er ein del av Jillen Njaarke/Brønnøy/Kvitfjell-Brurskanken reinbeitedistrikt. Utbygginga har møtt motstand både frå dei som driv reindrift i området og frå organisasjoner som ivaretar klassisk naturvern og friluftsliv. Krafta frå vindkraftverket vil dekkje ein tredel av kraftbehovet til aluminiumsverket Alcoa driv i Mosjøen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Naturvernforbundet, Bjørn Økern, fylkesleder i (10. mai 2020), «Vindkraft på Øyfjellet: – OED kan umulig være ukjent med at Øyfjellet Wind er heleid av Raven Project II Sarl i skatteparadiset Luxemburg», Rana Blad (på norsk), henta 27. august 2021 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]