Øyfjellet

Koordinatar: 65°51′31″N 13°08′02″E / 65.85861°N 13.13389°E / 65.85861; 13.13389
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

65°51′31″N 13°08′02″E / 65.85861°N 13.13389°E / 65.85861; 13.13389

Øyfjellet vest for Mosjøen, med Trongskardet til venstre på biletet.

Øyfjellet (818 m.o.h) ligg i Vefsn kommuneHelgeland. Fjellet ligg på sørvestsida av Vefsnfjorden og går frå Øydalen eit par kilometer opp i Vefsna og ut til Alterneset.

Toppen av fjellet vert kalla Stortuva. Sør for Stortuva går Trongskardet bratt opp i sørvestleg retning. I sørveststorm kan det komme kraftige fallvindar over Mosjøen frå den kanten, desse vindane vert kalla «trongskarding»

Fjellet er mykje bruka som turmål med Mosjøen som utgangspunkt, og det inngår kvart år i «Fjelltrimmen» som kommunen organiserer i samarbeid med lokale turlag. Det er reist ein stor varde på toppen av fjellet.

Men ingen annan by
har Øyfjellet om vintern
når flågan skin som sølv i månelys

Frå «Sangen om fjellet» av Stig Bang, i Mosjøen byspill

Vest for Øyfjellet ligg Øyfjellet vindkraft.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Øyfjellet
Spire Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.