Øystein Hedstrøm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Øystein Hedstrøm
Fødd 7. august 1946

Moss

Parti Framstegspartiet

Øystein Hedstrøm (fødd 7. august 1946) er ein politikar og tannlækjær frå Moss. Han representerte Østfold fylke og FramstegspartietStortinget i perioden 1989-2005.

Hedstrøm vart utdanna tannlækjar i 1972, og arbeidde i den offentlege tannhelsetenesta i Rakkestad frå 1972 til -81. Sidan hadde han eigen prakis som tannlækjar.

Hedstrøm var medlem av Anders Langes Parti frå dette vart stifta i 1973. Han var aktiv lokalpolitikar i Rakkestad og sat nokre år i kommunestyret. Perioden 1987-91 var han medlem av fylkestinget i Østfold. Ved stortingsvalet 1989 vart han innvald på Stortinget for Framstegspartiet i Østfold, og vart seinare attvald tre gongar. Han var medlem av energi- og industrikomiteen i sin fyrste stortingsperiode. Sidan 1993 var han med i næringskomiteen, frå 1997 til 2005 som nestleiar.

Gjennom 1990-åra vart Hedstrøm kjend som ein kvass kritikar av den dåverande immigrasjonspolitikken, og hevda synspunkt som både møtte mykje motbør og fekk støtte. I 1995 vart han fjerna frå posisjonen som partiet sin talsmann i innvandrarspørsmål, etter å ha delteke på eit hemmeleg møte i Oslo. Leiinga i Framstegspartiet såg seg då ikkje tent med å la Hedstrøm ha denne posisjonen, då det mellom anna kom fram at høgreekstreme grupper stod bak møtet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]