Moss kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Moss kommune
kommune
kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Østfold
Adm.senter Moss
Areal 63 km²
 - land 58 km²
 - vatn km²
Folketal 32 182 (1. januar 2016)
Folketettleik 555 / km²
Målform nøytral
Ordførar Hanne Tollerud (Ap[1])
Kommunenummer 0104
NO 0104 Moss.svg
Wikimedia Commons: Moss, Norway
Nettstad: www.moss.kommune.no
Den gamle hovudbygningen ved Moss jernverk
Foto: Chris Nyborg
Refsnes gods på Jeløya
Foto: Marie Waagan
Møllebyen, det tidlegare fabrikkstroket i Moss

Moss kommune er ein kommune i Østfold fylke, som grensar i aust til Våler kommune, i sør til Rygge kommune, og i nord til Vestby kommune i Akershus fylke. Kommunen omfattar Jeløy, fastlandet mellom Vansjø og Mossesundet, og den store Dillingøya i Vansjø. Moss kommune fekk sine nåverande grenser i 1943, da kommunane Jeløy og Moss blei slått saman.

Administrasjonssenteret i kommunen er byen Moss. Bysenteret ligg på fastlandet, ved Kanalen som bind Mossesundet saman med Værlebukta. Folkemengda er konsentrert til områda like rundt bykjernen og søre Jeløy. Sjølve tettstaden Moss (45 586 innbyggjarar per 1. januar 2015) strekker seg søraustover og inn i nabokommunen Rygge.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Gjennom Moss går den vestre linja til Østfoldbanen. E 6 (Oslo–Svinesund) går som motorveg aust for bysenteret. Riksveg 19 fører frå E 18 på vestsida av Oslofjorden via ferje Horten–Moss austover til E 6. Fylkesveg 120 fører frå E 6 nordaustover til Våler, Hobøl og Lillestrøm. Fylkesveg 119 går sørover langs kysten til Larkollen i Rygge og fylkesveg 118 mot søraust på Raet til Ryggebyen. Det er fastbru over kanalen mellom Mossesundet og Værlebukta til Jeløy.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Moss er ein viktig industrikommune og eit viktig handelssenter. Viktige bransjar er verkstadindustri, treforedling, produksjon av gummi- og plastprodukt, ikkje-metallhaldige mineralprodukt og næringsmiddelindustri, mellom anna Regal Mølle, Moss Aktiebryggeri og Felleskjøpet Østlandet. Det er relativt avgrensa jordbruk, men hagebruket er viktig, spesielt på Jeløy og i sørlege delar på fastlandet. Særleg sterkt står dyrking av grønsaker. Mosseelva er bygd ut med 1,9 MW.

Den einaste lokalavisa i kommunen er dagsavisa Moss Avis. Moss Dagblad er lagt ned og kom ut siste gong 31. mars 2009.

Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Kommunevåpenet blei godkjent i 1954 og har ei gull kråke mot ein raud bakgrunn. Motivet spelar på kallenamnet på innbyggarane i byen, «mossekråker».

Kjende folk frå Moss[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Helge Warberg-Knoll (2017-09-21). Hanne Tollerud blir historisk - første kvinnelige ordfører fra Ap i Moss. Moss Avis. Vitja 2017-10-13.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]