Øyvind Ravna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Øyvind Ravna
Fødd 10. april 1961
Vadsø
Yrke jurist

Øyvind Ravna (fødd 10. april 1961 i Vadsø) er ein norsk jurist som er professor i rettsvitskap ved Universitetet i Tromsø.

Utdanning og forsking[endre | endre wikiteksten]

Ravna er oppvaksen i Tana i Finnmark. Han er utdanna jordskiftekandidat (cand.agric.) frå Universitetet for miljø- og biovitenskap i 1987. Frå 1988 til 2004 var han tilsett ved Finnmark jordskifterett, der han var fylkesjordskiftesjef frå 1993 og jordskifterettsleiar frå 2001. Frå 2004 til 2008 var han stipendiat ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Tromsø. Han tok den juridiske doktorgraden (doctor juris) på avhandlinga «Rettsutgreiing og bruksordning i reindriftsområder».[1]

Forskingsfelta til Ravna er samerett, rettskultur og tingsrett; under dette også rettar til land og naturressursar, prosessrett, jordskifte og folkerett. Dei seinare åra har han særleg forska på rettsspørsmål knytt til Finnmarksloven og rettsidentifiseringsprosessen i Finnmark. Ravna har vore engasjert i forskingsoppdrag for Samerettsutvalet (NOU 2007:14)[2] og i feltutgreiingar for Finnmarkkommisjonen. Han underviser i samerett og er leiar av urfolkslovgruppa til Arctic Thematic Network on Arctic Law.[3] Ravna er òg redaktør av det juridiske fagtidsskriftet Arctic Review on Law and Politics.[4] Ravna vart i 2008 tildelt Noregs jordskiftekandidatsamskipnad sin fagpris og i 2011 nominert til Universitet i Tromsøs formidlingspris.[5] Studieåret 2011–2012 var han gjesteforsker ved Native American Center and Law School, University of Montana, USA.

Bøkar og filmar[endre | endre wikiteksten]

Ravna debuterte som dokumentarforfatter i 1993 med boka I russisk villmark, og seinare følgde Skogsfugljakt med skjellende hund (1994) og Mitt russiske nord (1996), Vandringer i Grenselandet (1997), En reise i det russiske nord (2000), Tundraens folk (2001), Kampen om tundraen – nenetserne og deres historie (2002) og Reindriftsfolk (2007). Med unntak av den siste, hentar desse åtte bøkane tema frå det nordlege Russland. Ravna har òg delteke i filmproduksjonar. I filmane Reisen tilbake (1999), Mørke skyer over Nestsjang og Arven fra GULag-tiden (brevet til Vladimir), medverkar Ravna med høvesvis manuskript, regi, fotografering og produksjon.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Rettsutgreiing og bruksordning i reindriftsområder En undersøkelse med henblikk på bruk av jordskiftelovgivningens virkemidler, 2008. ISBN 9788205387300
  2. NOU 2007:14 Samisk naturbruk og retts­-situasjon fra Hedmark til Troms
  3. University of the Arctic Thematic Network on Arctic Law
  4. Arctic Review on Law and Politics
  5. NRK Sápmi: Nominert til formidlingspris 01.03.2011

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]