Øyvind Strømmen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Øyvind Strømmen
Øyvind Strømmen.jpg
Fødd 1980
Bustad Samnanger
Utdanning Religionsvitskap ved UiB
Yrke journalist
Kjend for forfattar og journalist
Politisk parti Miljøpartiet dei Grøne
Øyvind Strømmen på Commons

Øyvind Strømmen (fødd i 1980) er ein norsk journalist og forfattar. Han har markert seg for si kartlegging av høgreekstreme miljø på nettet.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Strømmen har studert religionsvitskap ved Universitetet i Bergen, med journalistikk, Midt-Austen-historie og bibelsk hebraisk i fagkrinsen.[1]. Han er innvald i fylkestinget for Miljøpartiet dei Grøne i Hordaland, og er kommunestyrerepresentant i heimkommunen Samnanger[2]. Tidlegare har han vore aktiv i det belgiske grøne partiet Groen![3].

Virke[endre | endre wikiteksten]

Medan han var busett i Belgia kartla Strømmen ekstremistiske og antimuslimske miljø. Saman med Shoaib Sultan skreiv han i 2007 ein artikkel i Samtiden som åtvara mot høgre-ekstrem terrorisme. I ettertida vart han skulda for å maksimalisere trugsmålet frå «det dei kallar "høyre-ekstremismen"» av Hallgrim Berg[4].

Før terroråtaka 22. juli 2011 hadde media vigd det anti-islamske miljøet lita interesse. I månadane etter terrorhandlinga vart Strømmen ein hyppig nytta kommentator og skribent om miljøa Anders Behring Breivik hadde henta sin inspirasjon frå, og i 2011 vart han kåra til Årets frilanser av Frilansjournalistene i Norsk Journalistlag[5].

Sidan 2011 har han publisert fire bøker på Cappelen Damm. Våren 2018 gir han ut boka Ungarn. En diagnoseHumanist forlag.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • Det mørke nettet. Om høyreekstremisme, kontrajihadisme og terror i Europa.[6] (Cappelen Damm, 2011)
  • Den sorte tråden. Europeisk høyreradikalisme fra 1920 til i dag (Cappelen Damm, 2013)
  • I hatets fotspor – sakprosa om antimuslimske rørsler i Europa (Cappelen Damm, 2014)
  • Anders Lange. En norsk historie – biografi om Fremskrittpartiets grunnleggjar, Anders Lange.[7] (Cappelen Damm, 2016)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. journalisten.no Ekstremistjournalisten 11.11.2011
  2. mdg.no Øyvind Strømmen
  3. mdg.no Øyvind Strømmen
  4. Samtiden Åndeleg terrorisme frå Strømmen og Sultan
  5. journalisten.no Kåret til årets frilanser 31.10.2011
  6. NRK.no «Den ensomme ulven kommer fra en flokk» anmeldelse av boka Det mørke nettet av Tarjei Skirbekk 16.11.2011
  7. Hegdal, Ola (11. november 2016). «Anmeldelse av «Anders Lange. En norsk historie» av Øyvind Strømmen». NRK. Henta 24. november 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]