Terroråtaka 22. juli 2011

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Røyk frå bombeåtaket i regjeringskvartalet.
Høgblokka etter eksplosjonen. Bilen med bomba var parkert på staden bak dei to personane som er å sjå attmed bygningen.
Vindauge i Møllergata knuste av trykkbylgja frå bilbomba.
Minnemarkering med blomar framfor domkyrkja i Oslo dagen etter terrorhandlingane.

Terroråtaka 22. juli 2011 byrja med ei bilbombe som gjekk av i Regjeringskvartalet i Oslo klokka 15.26.

Før bombinga[endre | endre wikiteksten]

Politisk erklæring sendt som e-post («manifestet»)[endre | endre wikiteksten]

Før bombinga, og på ettermiddagen den 22. juli, sendte Breivik ein epost til fleire mottakarar. Innhaldet i eposten var ein politisk erklæring, som av somme har blitt kalla eit manifest. [Epost-erklæringa som han delvis forfatta, og som delvis var plagiat,] «sendte [han] ut, [... og i erklæringen] skrev [han] sirlige oversikter over ulike typer forrædere, skyldige etter åtte anklager og ansett som medskyldige i samfunnsutviklingen», skreiv journalisten Martine Aurdal (òg ein av dei som nemnast i erklæringa).[1]

Bombing i Oslo og skyting på Utøya[endre | endre wikiteksten]

Ei bilbombe gjekk av i Regjeringskvartalet i Oslo klokka 15.26. Bomba var plassert i ein varebil parkert attmed høgblokka på den sida som vender mot Grubbegata, og gjorde stor skade på mange regjeringsbygningar i kvartalet i tillegg til å drepe åtte personar. Trykkbylgja frå bomba knuste dessutan vindauge i fleire bygningar i gatene rundt.

Eit nytt åtak fann stad om lag to timar seinare på Utøya i Tyrifjorden, der ein mann skaut med to skytevåpen (pistol og gevær) på deltakarane på ungdomsorganisasjonen AUF sin sommarleir. Der vart 69 personar drepne, dei fleste ungdomar, mange med fleire skot. Dessutan vart mange skadde, fleire av dei alvorleg.[2]

Arrestering av væpna mann på Utøya[endre | endre wikiteksten]

Ein 32 år gamal norsk mann, Anders Behring Breivik, vart arrestert på Utøya under politiaksjonen som var sett i gang, og seinare sikta for terroråtaka både på Utøya og i Oslo.[3] 23. juli 2011, rett etter klokka 23, kunne forsvararen til Breivik, advokat Geir Lippestad, opplyse at Breivik hadde vedgått å ha gjort åtaka på både Utøya og i Oslo, men at han nekta for å vere straffeskuldig for dette.[4] Breivik, som sa at han rekna seg som ein konservativ, truande kristen, meinte at han ikkje kunne straffast av di åtaka var naudsynte for å stogga det han rekna som ein reell fare for «muslimsk maktovertaking» i Noreg og Europa. Difor måtta han på denne måten ramme den «kulturmarxismen» som han meinte at særleg Arbeidarpartiet, men òg andre politiske parti, stod for i sin politikk andsynes innvandrarar.

Politi-arbeide[endre | endre wikiteksten]

Ein papirlapp «med telefonnummeret til et vitne ved regjeringskvartalet 22. juli, som ble liggende på operasjonssentralens bord», skreiv media om.[5]

Reaksjonar på åtaka[endre | endre wikiteksten]

Reaksjonane mot dei to terroråtaka var sterke. Statsleiarar frå alle verdsdelar sende kondolansetelegram til statsminister Jens Stoltenberg. Alle politiske parti fordømte ugjerningane, og det vart semje om å utsetje og endre valkampen for årets lokalval.

Ei mengd privatpersonar tok initiativ til folkelege markeringar over heile Noreg, og slike markeringar gjekk føre seg over heile landet måndag 25. juli. Folk gjekk i tog med faklar eller med roser for å minnast dei drepne, og for å markere at dei ville verne om eit fritt og fleirkulturelt samfunn prega av solidaritet og samhald. I Oslo samla denne markeringa så mange menneske, om lag 200 000, at politiet meinte det ikkje var forsvarleg å setja ei slik menneskemengd i rørsle. Difor vart toget avlyst og markeringa avslutta med det planlagde arrangementet på Rådhusplassen.

I 2018 skreiv Klassekampen at Stoltenberg «tonet ned fortellingen om en høyreekstrem terrorist som hadde utpekt Arbeiderpartiet som sin hovedfiende», og at Aage Storm Borchgrevink i si bok frå 2012, En norsk tragedie, «forklarer drapene som et resultat av psykiatri og omsorgssvikt. Den fortellingen har fått godt fotfeste». Avisa la til at nokre «maner fram et bilde som i grove trekk er slik: [...] Stoltenberg valgte [...] å la være å kritisere Fremskrittspartiet etter Utøya-massakren, mens Jonas Gahr Støre [...] nå forsøker å klistre partiet til 22. juli».[6]

Seinare i 2018 skreiv ein leiartikkel i Klassekampen at [det fins] «en utbredt konspirasjonsteori om at Ap er landssvikere som islamiserer Norge. En konspirasjonsteori som var en stor del av Breiviks begrunnelse for terror­angrepet».[7]

Straffesak[endre | endre wikiteksten]

Straffesaka mot Anders Behring Breivik for desse to åtaka tok til i Oslo tingrett 16. april 2012. Under hovudførehavinga i tingretten vedgjekk Brevik på nytt at han hadde gjort dei ugjerningane han var tiltalt for, men nekta framleis straffeskuld. Mykje vart gjort i samband med saka for å få fram dei fakta som var naudsynte for å avgjere om Brevik var strafferettsleg tilrekneleg eller ikkje, og ei rad med sakkunnige og andre vitne stod fram i retten for å kaste ljos over dette. Tingretten, som sa dom fredag 24. august 2012, kjende Breivik straffeskuldig og dømde han til forvaring i 21 år, med ei minstetid på 10 år. Korkje Breivik eller påtalemakta anka denne domen.

Minnesmerke[endre | endre wikiteksten]

Den 22. juli 2018 blei «det midlertidige nasjonale minnesmerket for 22. juli-angrepene» avduka,[8] «Johan Nygaardsvolds plass [i Oslo,] ved Høyblokka, og [det] består av en vegg med alle ofrenes navn og alder, i tillegg til et «gulv» av tromlet glass. Glassbitene symboliserer alt det knuste glasset i områdene rundt regjeringskvartalet etter at bomben gikk av», skreiv media; Eit nasjonalt minnesmerke, kallar somme det.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Terroråtaka 22. juli 2011