Štiavnicafjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa til Štiavnicafjella i Slovakia (grått)
Štiavnicafjella er stort sett dekt av skog.

Štiavnicafjella (slovakisk Štiavnické vrchy) er ei vulkansk fjellkjede sør i sentrale område av Slovakia. Dei høyrer til dei indre, vestlege Karpatane og Slovenské stredohorie. Området er verna som ein del av Štiavnicafjella verna landskapsområde.

Dei grensar til Kremnicafjella (Kremnické vrchy) i nord, Pliešovce- og Krupinabekkenet (Krupinská kotlina) i aust, Donauåsane (Podunajská pahorkatina) i sør og Pohronský Inovec, Vtáčnik og Žiarbekkenet (Žiarska kotlina) i vest. Det høgaste punktet er Sitno (1009 moh).

Štiavnicafjella er ein enorm kaldera som vart danna då ein eldgammal vulkan kollapsa. Sidan fjella har vulkansk opphav er dei rike på mineral, med rundt 140 forskjellige typar. Tidlegare vart det drive gruvedrift etter sølv i område rundt byen Banská Štiavnica.

Det er 24 innsjøar kalla tajchy i Štiavnicafjella. Desse vart opphavleg skapt på 1700-talet som vassreservoar for gruveindustrien.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Štiavnicafjella

Koordinatar: 48°25′N 19°00′E