Žilina
| Žilina | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Kraj | Žilina | ||
| Høgd | 342 m | ||
| Areal | 80,036418 km² | ||
| Folketal | 79 873 (31. desember 2025) | ||
| Grunnlagd | 1069 | ||
| Postnummer | 010 01 | ||
| Retningsnummer | +421-2 | ||
| Bilnummer | ZA | ||
![]() Žilina 49°13′00″N 18°44′00″E / 49.216666666667°N 18.733333333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Žilina | |||
Žilina[a] er ein by nordvest i Slovakia, rundt 200 km frå hovudstaden Bratislava. Han er den fjerde største byen i Slovakia med rundt 85 000 innbyggjarar. Byen er eit viktig industrisenter og den største byen ved elva Váh. Han er òg sete i Žilina kraj og ein Žilina okres.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Området rundt Žilina har vore busett sidan steinalderen (rundt 20 000 f.Kr.). På 400-talet flytta slavarar til området. Dei første skriftlege kjeldene om Žilina er frå 1208 då han vart kalla terra de Selinan. Frå andre halvdel av 900-talet til 1918 var han ein del av Kongedømet Ungarn.
Byen starta å utvikle seg frå rundt år 1300 og hadde alt bystatus i 1312. I 1321 fekk han status som fri kongeleg by av kong Karl I. 7. mai 1381 gav kong Ludvig I ut Privilegium pro Slavis som gjorde dei slaviske innbyggjarane til likemenn av dei tyske innbyggjarane ved at halvparten av bystyret no skulle vere slavarar.[1] Byen vart brend ned av husittar i 1431.
På 1600-talet vart Žilina eit senter for produksjon, handel og utdanning, og under barokken vart det bygd mange kloster og kyrkjer, i tillegg til Budatín-borga. I revolusjonane i 1848, vann slovakiske frivillige, ein del av keisarhæren, eit slag i nærleiken mot ungarske honvedar og gardistar.
Byen blømde på andre halvdel av 1800-talet då det vart lagt jernbane til byen. Denne stod ferdig i 1872 med linje til Košice og i 1883 fekk byen jernbanesamband med Bratislava. Nye fabrikkar sprang opp, som den manufakturfabrikken Slovena (1891) og Považie kjemiverk (1892).
Han var ein av dei første kommunane som signerte Martin-erklæringa (30. oktober 1918) og fram til mars 1919 var han sete for dei slovakiske styresmaktene. 6. oktober 1938, kort tid etter München-avtalen, vart sjølvstyret til Slovakia som ein del av Tsjekkoslovakia erklært i Žilina.
Etter den andre verdskrigen vart det bygd mange bye fabrikkar, skular og bustadhus i byen. Han var sete for Žilina kraj frå 1949-1960 og igjen sidan 1996.

I dag er Žilina den fjerde største byen i Slovakia, det tredje viktigaste industrisenteret og sete for eit universitet, Žilinská univerzita (grunnlagd i 1953). Sidan 1990 har det historiske senteret i byen vorte gjenoppbygd og byen har bygd ut trolleybuss-linjer
Innbyggjarar
[endre | endre wikiteksten]| År | 1995 | 2005 | 2015 | 2025 |
|---|---|---|---|---|
| Antal personar | 86 685 | 85 425 | 81 114 | 79 873 |
| Forskjell | −1,45 % | −5,04 % | −1,52 % |
| År | 2024 | 2025 |
|---|---|---|
| Antal personar | 80 257 | 79 873 |
| Forskjell | −0,47 % |
Merknader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Žilina» frå Wikipedia på engelsk, den 9. april 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Kirschbaum, Stanislav J. (1995). A history of Slovakia : the struggle for survival. New York: St. Martin’s Press.
- 1 2 «Počet obyvateľov podľa pohlavia - obce (ročne) [om7101rr_obce=AREAS_SK]». Statistical Office of the Slovak Republic. 31. mars 2026. Henta 31. mars 2026.
