Ohrid
Ohrid Охрид | ||
---|---|---|
Utsyn over Ohrid med Ohridsjøen til høgre | ||
| ||
Styresmakter | ||
Land Statistisk region |
Nord-Makedonia Sørvest | |
Geografi | ||
Flatevidd | 389,93 km² | |
Flatevidd - By |
389,93 km² | |
Innbyggjarar[1] - By (2021) - folketettleik |
51 428 131,9/km² | |
Koordinatar | 41°07′1″N 20°48′6″E / 41.11694°N 20.80167°E | |
Høgd over havet | +695 m | |
Tidssone | CET (UTC+1) | |
Diverse anna | ||
Postnummer | 6000 | |
Telefon-retningsnummer | 389 46 | |
Heimeside: ohrid.gov.mk | ||
Plassering | ||
Plasseringa til Ohrid i Nord-Makedonia |
Ohrid (makedonsk Охрид) er ein by og ein kommune på austkysten av Ohridsjøen i regionen Sørvest i Nord-Makedonia. Kommunen fekk sitt noverande omfang i 2013, då den tidlegare kommunen Kosel vart innlemma i kommunen.
Kommunen har eit areal på 389,93 km2 og hadde 51 428 innbyggjarar ved folketeljinga i 2021.[1] I 2002 hadde kommunen 55 749 innbyggjarar,[2] den tidlegare kommunen Ohrid hadde 54 380, medan sjølve byen hadde 42 033 innbyggjarar.[3]
Byen er kjend for ein gong å ha hatt 365 kyrkjer, ei for kvar dag i året, og vart kalla den makedonske Jerusalem[4]. Byen har mange vakre hus og monument og turismen er ei viktig næring. Han ligg aust for Elbasan og Tirana i Albania, sørvest for Skopje, og nordvest for Resen og Bitola.
I 1980 vart Ohrid og Ohridsjøen innskriven på UNESCO si verdsarvliste.
I Ohrid finst òg eitt av Nord-Makedonia sine største sjukehus.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Byen har eksistert sidan antikken, då som Lychnidos. Den romerske vegen Via Egnatia gjekk gjennom Lychnidos. Namnet Ohrid vert første gong nemnd i 879. Det er vorte hevda at det kyrilliske alfabetet vart utvikla i Ohrid av Sankt Klemens av Ohrid, men dette er usikkert og det er meir truleg at det vart utvikla av den litterære skulen i Preslav. Ohrid var eit viktig kulturelt sentrum der det vart produsert skrifter ved den litterære skulen her.
I år 1000 var Ohrid ein kort periode hovudstad i Det første bulgarske riket. Byen var då òg sete for erkebispedømet i Ohrid og det vart bygd mange kyrkjer.
Busetnader i kommunen[endre | endre wikiteksten]
Dei største busetnadene i kommunen var:
Busetnad | Folketal 2002[3] |
---|---|
Ohrid | 42 033 |
Velgosjti | 3 060 |
Leskoets | 2 595 |
Pesjtani | 1 326 |
Ratsja | 1 043 |
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Offisiell turistside
- travel-macedonia.net
- www.visitohrid.com.mk Arkivert 2008-01-25 ved Wayback Machine.
- Bilete frå Ohrid Arkivert 2006-03-04 ved Wayback Machine.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Ohrid» frå Wikipedia på engelsk, og «Ohrid» frå Wikipedia på svensk den 2. februar 2008.
- Fotnotar