ג

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hebraisk alfabet

א ב ג ד ה
ו ז ח ט י
כ ל מ נ ס
ע פ צ ק ר
ש ת

ג, eller gímel, er den tredje bokstaven i det hebraiske alfabetet. Lydverdien til gimel er i utgangspunktet stemd velar lukkelyd når han har dagésj, og bokstaven blir da gjerne transkribert som «gg» eller «g». Ein gímel utan dagésj kan uttalast anten som «g» (vanleg blant sefardím frå Storbritannia, askenasím og i moderne israelsk hebraisk), som ein stemd velar frikativ (blant tyske og skandinaviske sefardím og blant mange mizrahím) eller som ein ustemd velar frikativ (blant nederlandske sefardím). Gímel har talverdien tre.