1 729

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Talet 1 729
i ulike talsystem:
110 1100 0001 binært
3301 oktalt
1 729 desimalt
6 C1 heksadesimalt
MDCCXXIX romartal

Talet 1 729 er eit samansett tal: 1 729 = 7·13·19.

Det blir gjerne kalla Ramanujan-Hardy-talet, etter ei kjend historie om dei to matematikarane.

Ein gong Ramanujan låg sjuk i Putney kom Hardy for å vitja han. Hardy hadde reist med ein svært keisam drosje, sa han, nummeret hans var 1 729 og det var ingenting ved dette talet som var spennande. Ramanujan sa då at det tvert om var eit svært interessant tal, nemleg det minste heiltalet som kan skrivast på to ulike måtar som summen av to kubikktal.
Det vil seie:
1 729 = 12³ + 1³ = 10³ + 9³

Det er berre dersom ein held negative heiltal utanfor at dette gjeld. Dersom ein òg tek med negative heiltal, blir 91 det minste talet ein kan laga på denne måten.

Talet 1 729 er deleleg med summen av sifra i talet både når det er skrive oktalt (3+3+0+1 = 7), desimalt (1+7+2+9 = 19) og heksadesimalt (0x6+0xC+0x1 = 6+12+1 = 19).