Drosje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Drosjebil med skilt på taket som lyser når bilen er ledig for oppdrag.
Moderne taksameter.

Drosje (frå russisk, дрожки – drozjki, «lett vogn»), òg kalla taxi, er ein personbil med sjåfør som folk kan leige for ei ferd til ein stad eller ei adresse, eller for ei avtalt tid. Ofte vert vederlaget fastsett etter eit generelt takstsystem, og oppgjeret vert utrekna etter køyrelengda og medgått tid av eit såkalla taksameter, ei mekanisk eller elektronisk innretning som er fast montert i bilen.

Drosjer er å rekne som kollektivtransport, men skil seg markant frå andre former for kollektivtransport ved at kunden sjølv fastset avreise- og destinasjonsstad og tidspunktet for avreisa. Ofte kan drosjer tingast over telefon eller elektronisk av ein drosjesentral drive av drosjeeigarane, tingast i forbifarten på gata, eller på fastsette drosjehaldeplassar der ledige drosjer kan samlast.

Drosjetenesta er som oftest offentleg regulert, med krav til sjåføranes dugleik og kunnskap, storleiken og utstyret på køyretøya og anna som har med tenesta å gjere, og det vil vanlegvis vere naudsynt med offentleg løyve for å utøve næringa.

Piratdrosje[endre | endre wikiteksten]

Piratdrosjer er ei vanleg nemning på ulovleg drosjekøyring med privatbilar, altså at folk som ikkje har løyve til å drive med drosjetransport, tek med tilfeldige passasjerar i bilen mot betaling på same vis som om dei køyrar drosjer. Særleg på tider då det er hardt press på lovlege drosjer, som til dømes når restaurantar og skjenkestadar lukkar på fredags- og laurdagsnatta, eller i joletida, er det ofte ein god marknad for piratdrosjer.

Hestedrosje[endre | endre wikiteksten]

Fransk hestedrosje frå 1830, såkalla fiacre, som er å sjå på museet i Compiègne.

Hestedrosjer er drosjer med hest og vogn som køyretøy, og var forløparane til dagens drosjebilar. Opphavet til hestedrosjene var eit depot med tjuge hestedregne vogner med kuskar til utleige til publikum som Nicolas Sauvage skipa i Paris i 1637 rett ovanfor eit vertshus i rue Saint-Martin (Saint-Martin-gata). Då det på vertshusfasaden hang eit skilt med bilete av den heilage irske Fiacrius, som på fransk heiter Saint Fiacre (Sankt Fiacre), fekk desse hestedrosjene nemninga voitures fiacres (fiacre-vogner), seinare avstytt til fiacres og nytta som ei vanleg nemning på hestedrosjer både i Frankrike og andre stadar. Saint Fiacre vart med tida ein vernehelgen for drosjesjåførar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]