2016-dataspelet Doom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Doom
Doom – Game’s logo.svg
Utviklar(ar)id Software
Utgjevar(ar)Bethesda Softworks
Plattform(er)Microsoft Windows, PlayStation 4, Xbox One, Nintendo Switch
UtgjeveWindows, PlayStation 4, Xbox One:
13. mai 2016
Nintendo Switch:
10. november 2017
SjangerSkytespel

Doom er eit skytespel i førsteperson utvikla av id Software og utgjeve av Bethesda Softworks. Spelet er det fjerde hovudspelet i Doom-serien og det første større spelet i serien sidan Doom 3 frå 2004. Det vart utgjeve internasjonalt til Microsoft Windows, PlayStation 4 og Xbox One 13. mai 2016. Ei utgåve til Nintendo Switch, utvikla med hjelp frå studioet Panic Button, kom ut 10. november 2017.

I Doom tek spelaren rolla som ein namnlaus romsoldat som må slåst mot demonar frå helvete. Demonane har vorte slopne laus av ein organisasjon kalla Union Aerospace Corporation på den koloniserte planeten Mars. Speloppbygginga går tilbake til eit raskare tempo med meir opne nivå, nærmare dei to første spela i Doom-serien enn den rolegare survival horror-stilen frå Doom 3. Spelet har også funksjonar som oppgraderingar av spelefiguren og mogelegheita til å gjere avrettingar kalla «glory kills» på fiendar. Doom har i tillegg ein fleirspelarmodus over internett og eit verktøy for å lage nivå.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «ANMELDELSE: Doom». Gamer.no. Henta 5. februar 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]