Hopp til innhald

22 av Sarah McTernan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«22»
Song av Sarah McTernan
Land Irland
Språk Engelsk
Utgjeve 29. mars 2019
Sjanger Elektropop
Lengd 02:53
Selskap Universal Music
Låtskrivar(ar) Janieck van de Polder, Marcia Sondeijker, Roel Rats
Sarah McTernan framfører «22» under ei av prøvene i Tel Aviv i 2019.

«22» er ein popsong frå 2019 som vert framført av den irske songaren Sarah McTernan. Songen vart vald ut av den irske kringkastaren RTÉ til å representere Irland i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel. Tittelen «22» viser til husnummeret til ekskjærasten til eg-personen i songen.[1]

«22» er skriven av den nederlandske låtskrivartrioen Janieck van de Polder, Marcia Sondeijker og Roel Rats. Songen var eit av 430 bidrag som vart sende inn til den irske kringkastaren RTÉ for utveljinga til Eurovision Song Contest 2019.[2] RTÉ valde «22» til det irske bidraget, og valde vidare songaren Sarah McTernan til å framføre songen i Eurovision Song Contest. McTernan vart nummer tre i den fjerde sesongen av The Voice of Ireland i 2015, men har ikkje hatt nokon større songkarriere i Irland etter det.[3][4]

I januar 2019 vart Irland trekt ut til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel torsdag 16. mai, og Irland var det andre bidraget på scena i semifinalen.[5] Songen enda til slutt på sisteplass i semifinalen, og kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen laurdag 18. mai.[6]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]