Sarah McTernan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sarah McTernan
Sarah McTernan (2019 Eurovision Song Contest's Russian Pre-Party) (cropped).jpg
Fødd11. mars 1994 (28 år)
FødestadScarriff
OpphavIrland
Aktiv2014–
Sjangerpop
Verka sommusikar, songar

Sarah McTernan (fødd 11. mars 1994 i County Clare) er ein irsk songar og låtskrivar, best kjend for å ha vorte nummer tre i fjerde sesong av The Voice of Ireland i april 2015. McTernan representerte Irland i Eurovision Song Contest 2019 med songen «22».[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

McTernan vaks opp som einebarn i landsbyen Scarriff i grevskapet Clare, midt i Irland. Etter at ho fullførte vidaregåande i 2011, tok ho hjelpepleiarkurs i Ennis i Clare. Sidan studerte ho musikkteknologi ved Limerick Institute of Technology. I 2014 tok ho ein pause frå utdanninga for å jobba, men studerte seinare stemme og dans ved Universitetet i Limerick. McTernan spelar gitar, piano, ukulele og tinnfløyte.[2]

I november 2014 gjekk ho vidare frå «blind auditions»-rundane i The Voice of Ireland. Ho hadde aldri gjort ein konsert før, og for å få meir erfaring, sette ho saman eit band kalla The JEDS. I tillegg til McTernan, bestod bandet av gitaristen Dwayne Mann, trommisen John Moroney og bassisten Declan Larkin.

I The Voice of Ireland song ho «Who You Are» på auditionen, og alle fire dommarane snudde stolen. Ho valde å gå inn på laget til Rachel Stevens frå S Club 7. Til slutt enda ho på ein tredjeplass i tevlinga. I 2017 og 2018 var McTernan ein av deltakarane i den sanmarinske tevlinga 1in360 for å finne den sanmarinske representanten til Eurovision Song Contest.[3]

8. mars 2019 kunngjorde den irske kringkastaren RTÉ at McTernan skulle representere Irland i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel. Ho deltok i den andre semifinalen med songen «22», men kvalifiserte ikkje seg til finalen.[4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Daly, Adam. «This Co Clare singer will represent Ireland in the Eurovision in Israel» (på engelsk). Henta 9. mars 2019. 
  2. «Sarah McTernan - Eurovision Song Contest Tel Aviv 2019». EBU. 8. mars 2019. Henta 9. mars 2019. 
  3. Andrew Hamilton (10. november 2017). «Sarah set to sing a song for San Marino in Eurovision» (på engelsk). Arkivert frå originalen 2019-04-30. Henta 9. mars 2019. 
  4. «Second Semi-Final: Last 10 acts qualify for Eurovision 2019 Grand Final». EBU. 16. mai 2019. Henta 17. mai 2019.