7. stormlande-divisjon (berg)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Merke for 7. stormlande-divisjon (berg)

7. stormlande-divisjon (berg) (russisk 7-я гвардейская десантно-штурмовая (горная) дивизия) i det russiske forsvaret vart sett opp i september 1948 basert på 322. infanteriregiment, som var aktivt i Aust-Europa under Andre verdskrigen. I oktober 1948 vart divisjonen forlagt til Kaunas i Litauen. Under Den kalde krigen deltok divisjonen i undertrykkinga av Den ungarske revolusjonen i 1956. I august 1993 vart han forlagt til Novorossijsk og er aktiv i konflikten i Nord-Kaukasus. I desember 2006 fekk divisjonen si noverande nemning (2017). Han er kommandomessig underlagd Dei russiske luftlandestyrkane.

6. oktober 2015 vart nokre soldatar frå divisjonen sende til Syria for å støtta russiske SPETSNAZ-einingar i borgarkrigen der.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Russia sends in Spetsnaz special forces to prop up Assad». Mail Online. Henta 6. november 2015.