Hopp til innhald

ABC-våpen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Symbol for radioaktiv, biologisk og kjemisk fare.

ABC-våpen (eller CBRNE-våpen[1] eller CBRNe-[2] eller masseøydeleggingsvåpen eller ARBC-våpen) er eit samleomgrep for kjernefysiske, biologiske og kjemiske våpen, frå engelsk Atom, Biological og Chemical.[3] R, som kan stå for Radiological og viser til våpen som inneheld radioaktive stoff, er nokre gonger teke med i omgrepet. A(R)BC er eit eige militært fagfelt. I Noreg rettar faget seg berre mot tiltak ein set i verk når ein vert angripen med desse stridsmidla.

Felles for desse våpna er at dei er blitt utvikla i moderne tid og kan føra til store øydeleggingar og lidingar. Dei kan ofte råka sivile, men kan òg rettast mot infrastruktur og landbruk. Kjende døme på bruk av ABC-våpen er bruk av fosgen og sennepsgass under første verdskrigen, japansk utvikling og bruk av biologiske våpen av eining 731 mot sivile i Kina under den sino-japanske krigen og andre verdskrigen, og atomvåpen mot Hiroshima og Nagasaki ved slutten av andre verdskrigen.

På engelsk og i NATO har uttrykket NBC, der N står for Nuclear, i stor grad teke over for ABC. Sidan om lag 2000 er også omgrepet masseøydeleggingsvåpen (engelsk Weapons of Mass Destruction, WMD) blitt vanlegare å bruka om slike våpenslag.

  1. «Dataprogrammer for farlig gods, trening og øvelser». Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap. Henta 3. august 2018. 
  2. Nasjonal behandlingstjeneste for CBRNe-medisin. Vitja 2018-08-03. «[...] forebygging og håndtering av uhell/hendelser knyttet til farlige kjemiske stoffer (Chemical), biologiske agens (Biological), radioaktiv stråling (Radiation), kjernefysisk stråling (Nuclear) og [...] helseskadelige [...]»
  3. «ABC-våpen». Store norske leksikon. 23. oktober 2014. Henta 3. august 2018. 
Spire Denne militærartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.