Atombombene over Hiroshima og Nagasaki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Soppskya over Nagasaki.

Atombombene over Hiroshima og Nagasaki var to atombomber sleppte i lufta over dei japanske byane Hiroshima og Nagasaki den 6. og 9. august 1945. Bombene drap minst 120 000 menneske med ein gong, og dobbelt så mange over tid. I tillegg har dei som overlevde bombene og etterkomarane deira slite med seinskader som kreft og misdanningar.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ein hovudgrunn til å sleppa bombene var å tvinga Japan til å overgje seg utan vilkår. Sjølv om mange leiande japanarar var på gli til å kapitulera, hadde dei ikkje gått med på det amerikanske ultimatumet om å gjera det utan vilkår.

Den 15. august, ni dagar etter det første atomåtaket og seks dagar etter det andre, sende dei japanske styresmaktene ei slik formell overgjeving til amerikanske styrkar. USA hadde oppnådd det dei ville, men ei grufull øydelegging som skulle plaga ofra i åra som kom var igjen.

Militæret valde ut fleire strategiske mål for bombene: Kyoto, Hiroshima, Yokohama, Kokura, Niigata og kanskje keisarpalasset i Tokyo. Kyoto blei teken av denne lista på grunn av dei mange eldgamle templa i byen. Nagasaki var eit sekundærmål.

Hiroshima hadde under heile krigen vore ein viktig militærby som inneheldt hovudkvarteret for det sørlege forsvaret av Japan og fleire militære lager. Nagasaki var ein hamne- og industriby som òg spela ein stor rolle i den japanske krigsinnsatsen.

Bombene[endre | endre wikiteksten]

«Fat Man» blir plassert på ein tilhengjar i august 1945.

I dei tre og eit halvt åra USA hadde vore med i den andre verdskrigen og mista rundt ein million soldatliv, hadde landet òg satsa på å utvikla ei atombombe i lag med Storbritannia og Canada. Det hemmelege Manhattanprosjektet prøvde ut ein atomeksplosjon den 16. juli 1945.

Dei to bombene ein skulle bruka over dei japanske byane fekk kallenamn: Hiroshimabomba blei kalla «Little Boy» og den som var tiltenkt Kokura «Fat Man» på grunn av den runde fasongen.

«Little Boy» var ei fire tonn tung bombe som inneheldt 60 kg uran-235. «Fat Man» var fire og eit halvt tonn og inneheldt 6,2 kg plutonium.[1]

Eksplosjonen over Hiroshima[endre | endre wikiteksten]

Det som var igjen av Hiroshima etter bomba. (Kjelde: Den amerikanske marinen)

Klokka 8.15 blei «Little Boy» sleppt av bombeflyet Enola Gay og eksploderte 580 meter over bakken. Bomba laga ei eldkule på over ein million grader Celsius som på eitt sekund fekk ein diameter på 280 meter. Overflatetemperaturen kom opp i 4000 grader og skapte ei sterk, varm trykkbølge som smelta køyretøy og bygningar og gjorde menneske og dyr til støv.

Eit ukjent tal menneske døydde på flekken. Andre blei skadde direkte av gammastråling eller indirekte av trykkbølga eller av bygningar som raste saman. Ved slutten av 1945 reknar ein med at 140 000 av dei 250-350 000 innbyggjarane i Hiroshima var døde. Rundt 48 000 bygningar blei jamna med jorda i eksplosjonen.

Eksplosjonen over Nagasaki[endre | endre wikiteksten]

Den øydelagde domkyrkja i Urakami. (Foto: Aihara Hidetsugu)

Bombeflyet Bockscar skulle eigentleg gått til Kokura, men byen var dekt av skyer. I staden drog flyet til sekundærmålet Nagasaki. Skydekket letta nok til at det kunne sleppa bomba klokka 11:02. Ho eksploderte like over den ytre bydelen Urakami, der Urakamikyrkja, den største domkyrkja i Aust-Asia, låg.

80 % av husa som låg innan to kilometer frå hyposenteret blei jamna med jorda[treng kjelde]. Men denne bomba hadde industriområde som hovudmål og blei sleppt utanfor byen. Derfor blei tapet av menneskeliv mindre enn i Hiroshima, trass i at denne bomba hadde mykje meir sprengkraft.

Ved slutten av året var 74 000 menneske som hadde opplevd dette åtaket døde[treng kjelde].

Følgjer[endre | endre wikiteksten]

Hibakusha[endre | endre wikiteksten]

Stasjonen i Urakami, som var like under hyposenteret i Nagasaki. (Foto: Yamahata Yousuke)

Like etter det blendande lyset og trykkbølga frå atombombene kom bybrannar som øydela mange av dei gjenverande trehusa. Menneske som hadde overlevd opplevde både raske og langdryge etterverknader. Fellesnemninga på dei som blei påverka av bomba på japansk er hibakusha (被爆者), og dei er framleis ei eiga gruppe som kan oppleva å bli utstøtte, ikkje få arbeid og ha problem med å stifta familie i Japan.

Strålesjuke drap rundt 60 000 innbyggjarar frå Hiroshima innan året var ute[treng kjelde]. Ungar som blei fødde etter åtaket, særleg dei som hadde vore utsette for stråling i mors liv, kunne ha store misdanningar.

Brannsår frå hendinga som ein trudde var hela kunne plutseleg hovna opp og bli til tjukke, stygge keloidearr.

Frå rundt 1950 skaut talet på tilfelle av leukemi i vêret blant dei som hadde blitt stråleskadde, og frå rundt 1955 auka talet på fleire andre typar kreft, som bryst-, lunge- og skjoldbruskkjertelkreft[treng kjelde].

Minnesmerke[endre | endre wikiteksten]

Sjølve byane blei bygde opp igjen og er i dag prega av moderne japansk arkitektur. I kvar av dei er det likevel sett av område til minne om atombombene og til støtte for fred. Dei har òg museum som dokumenterer bomba.

Utanfor muséet i Hiroshima er ein open plass med ein fredeleg dam der ein flamme brenn for fred på jorda. Byen har fleire minnesmerke, mellom anna eitt tileigna barna som døyde av bomba, symbolisert av Sasaki Sadako.

Det mest gripande minnesmerket er likevel atombombekuppelen, eit bygg som var like under hyposenteret til bomba men likevel blei ståande. Bygget, som opphavleg var ein utstillingshall i vestleg stil, men har fått ein sterk symbolverdi, og er omdøypt til Fredsminnesmerket i Hiroshima. I 1996 blei det sett på UNESCO si liste over verdas kulturarv, trass protestar frå USA og Kina.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Atombombene over Hiroshima og Nagasaki
  1. https://rarehistoricalphotos.com/harold-agnew-carrying-plutonium-core-nagasaki-fat-man-bomb-1945/