Aani Rysstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aani Rysstad
Fødd13. juli 1894
Død18. desember 1965 (71 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar

Aani Aanisson Rysstad (13. juli 189418. desember 1965) var ein norsk gardbrukar, landhandlar og stortingsrepresentant frå Hylestad i Aust-Agder.

Rysstad var son til ein småbrukar og arbeidde i yngre år som ljåsmed. Sidan dreiv han gard og landhandel. Frå 1922 til 1955 var han medlem i Hylestad heradsstyre, ordførar 1934-47 og varaordførar 1937-40 og 1945-51. I Hylestad var han elles formann i arbeidsløysenemnda og i likningsnemnda. Rysstad var også formann for ei interkommunal nemnd som arbeidde for veg over heia til eit samband mellom Oslo og Stavanger, dessutan for Nemnda for Valle-Bykle og Hylestad for å få heiestrekningane tilbake til i kommunalt eige.

Stortingsbolken 1945-49 representerte han ArbeidarpartietStortinget, der han var medlem i Justiskomiteen. Den neste fireårsperioden var han 1. vararepresentant frå den nye heile fylkeskrinsen Aust-Agder.

Rysstad var ein aktiv spelemann, mellom anna på munnharpe. Han var formann i Setesdal Spelemannslag perioden 1936-40 og seinare Norske Bygdekunstlag. I 1924 gav han ut boka Lagnad. Folkelivsskildring frå Setesdal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]